Engelsk utgåve av NHH Bulletin

NHH Bulletin, engelsk 2013 (Ill.: Willy Skramstad)

Ei engelsk utgåve av NHH Bulletin er no tilgjengeleg. Den engelsk utgåva består av utvalde artiklar frå dei fire norskspråklege utgåvene som kom i 2012. In English

04.02.2013 - Red.


Den engelske bulletin-utgåva innheld m.a. forskingsartiklar om alt frå klimapolitikk i oljelandet Noreg via negative langstidsverknader av arbeidsløyse til motivasjon av kunnskapsarbeidarar.

Her er også ein reportasje frå eit Island som jobbar med å koma seg etter finanskrisa og eit intervju med NHH-alumna og Norad-direktør Villa Kullid.

Vidare kan ein lesa om opprettinga av sentra Argentum Centre for Pirvate Equity og Norwegian Center for Taxation, samt om rekorddonasjonen frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen til NHH.

Ein kan få eit papireksemplar ved å venda seg til Kommunikasjonsavdelinga.

Pdf-versjonen kan lastast ned frå dei engelske sidene på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive