Spania framom stupet

Kronikk: Spania er inne i ei trippelkrise: økonomi, korrupsjon og det katalanske spørsmålet om lausriving. Dei tre krisene forsterkar kvarandre, skriv Johannes Nymark, førsteamanuensis i spansk i Bergens Tidende måndag 5. august.

05.08.2013 - Johannes Nymark


«Noreg har olja, Spania har ingen ting». Denne og liknande utsegner er ikkje uvanlege i dagens kriseråka Spania, og speglar pessimisme i ein grå kvardag.

Lyssky verksemd

Etter vel eit tiår med relativt høg økonomisk vekst gjekk spansk økonomi i 2008 inn i ein periode med økonomisk tilbakegang, som framleis varer ved. Krisa gjorde seg særleg gjeldande på eigedomsmarknaden. Her var det meir djuptgåande strukturelle årsaker som låg under. I ei økonomisk ramme med relativt høg inflasjon og prisauke på matvarer og drivstoff var krisa eit faktum i 2008.

Det har i mange tiår gått føre seg mykje lyssky verksemd i bygg- og anleggsbransjen, spesielt på den spanske Middelhavskysten, og skatteetaten har vore merksam på at ein her har hatt å gjera med eit felt der skatteunndraging og kvitvasking av svarte pengar snarare er regelen enn unnataket.

Då det høgreorienterte regjeringspartiet Partido Popular (PP) i lovs form opna opp for ei sterk liberalisering av eigedomsmarknaden i 1998, voks det fram byggjeprosjekt som paddehattar over store delar av Spania, og særskild i turistområda. Spanske og utanlandske forbrytargrupper investerte i spansk eigedom i eit omfang som ikkje kunne vera berekraftig. Finans- og bankkrisa som kom, gjorde sitt til at kreditt tørka ut, og då arbeidsløysa tok til å stiga til formidable høgder, sat mange spanjolar att utan arbeid og utan bustad, sidan dei var ute av stand til å betale ned på gjeld.

Mange spør seg korfor den økonomiske krisa - med rundt seks millionar arbeidslause - ikkje har ført til meir sosialt opprør i Spania. Rett nok har Rørsla for dei indignerte gjort seg gjeldande med massemobiliseringar, og det same har statstilsette mot ulike framstøytar for privatisering. Men organiseringa på grunnplanet er ikkje følgt opp i tilstrekkeleg grad med ei koordinering som kan gje opprøret større slagkraft, noko mange ser på som ein arv etter ei anarkistrørsle som såg på all sentral organisering med største mistru.

«Alle politikarar er like»

«Alle politikarar er like», sa anarkistane alt på 1800-talet, og meinte med det at all makt korrumperer og at den mest velmeinande lét seg dupera når vedkommande kjem i sentral maktposisjon.

Korrupsjonen, den andre store landeplaga i Spania i dag, har gjennomsyra politikk, næringsliv, bank og finansverksemd i lange tider. Innan politikken er det dei største partia - regjeringspartiet PP og sosialistpartiet PSOE - som dominerer. Nepotisme, svindel og valfusk var alt på 1800-talet kurant praksis då Det liberale partiet og Det konservative partiet fordelte ressursar, posisjonar og stemmer seg imellom. Den same røyndommen har vi vore vitne til dei seinaste to tiåra, då PP og PSOE til saman har kontrollert mellom 80 og 87 prosent av røystene ved landsdekkjande val.

Mekka for smugling

Marbella i Andalucía-regionen i Sør-Spania er rekna for å vera eit reint mekka for korrupsjon, smugling og kvitvasking av pengar. Involveringa av bank, finans og næringsliv har gjort korrupsjonen meir innfløkt og kompleks den seinaste tida. Stort sett er det politikarane som får svi og som må taka sin hatt og gå. Juan Guerra-saka rundt 1990 utløyste krise i det regjerande PSOE, då Juan Guerra, bror til visestatsministeren Alfonso Guerra, blei dømt for mellom anna muting, skattesnyting, tillitsbrot og misbruk av offentlege midlar. Ein sideeffekt her var at broren Alfonso trekte seg som visestatsminister.

Korrupsjon i stor stil

Den noverande korrupsjonsskandalen rundt regjeringspartiet er av litt andre og større dimensjonar enn dei vanlege korrupsjonssakene, i og med at han når så høgt opp - faktisk heilt til regjeringssjefen Mariano Rajoy - og greinar seg så vidt ut til ulike autonome regionar i Spania. Ifølgje klagemåla - og handfaste prov som er blitt publiserte i dei største spanske avisene - dreier det seg om ulovleg partifinansiering og tildeling av offentlege kontraktar som takk for hjelpa. Den tidlegare rekneskapsføraren for PP, Luis Bárcenas, som no sit i varetekt klaga for korrupsjon, hevdar at ulovlege utbetalingar til leiande PP-politikarar har gått føre seg i stor stil.

«Den katalanske krisa»

Den politiske tillitskrisa PP no er inne i, har òg forgreiningar til det tredje store problemet for den spanske staten i dag: det katalanske spørsmålet. Dei seinaste åra har den spanske grunnlovsdomstolen ved fleire høve uttala seg mot det katalanske sjølvstyret og har gått inn for å kutta ned på dette. Nå syner det seg at den noverande leiaren for grunnlovsdomstolen, Francisco Pérez de los Cobos, har vore medlem av PP og har rettleia partiet heilt frå 1992, noko han ikkje nemnde då han blei godkjent av Senatet i ei høyring i oktober 2010. Då koplinga mellom Pérez de los Cobos og PP nyleg blei oppdaga, uttrykte leiande katalanske politikarar at dei ville senda inn formell klage på denne samanblandinga av statsmaktene.

Konflikten mellom ei sentralistisk regjering i Madrid og ønske om desentraliserte - eller føderale - løysingar i visse regionar, har vore ein gjengangar i spansk politikk frå slutten av 1800-talet. Det er likevel ei stund sidan motsetnadene har vore så klare som no. Med den økonomiske krisa som bakgrunn går PP inn for å redusera talet på regionale institusjonar og personalet i desse. Katalanarane på si side oppfattar det som eit påskot for å redusera det regionale og lokale sjølvstyret, og blir berre meir ihuga i sin kamp for katalansk suverenitet.

Vendepunktet

Mange er i dag forundra over at tilmed sentrum-høgre-koalisjonen CiU (Convergència i Unió), som sit med makta i den katalanske regionalregjeringa, går inn for folkerøysting om lausriving av regionen frå Spania, eit krav som venstrepartiet ERC (Esquerra Republicana de Catalunya) har stått på i lengre tid. Men 10. juli 2010 blei eit vendepunkt i katalansk politikk. Den dagen tok ein million til gatene i Barcelona for å demonstrera mot at den spanske grunnlovsdomstolen ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret. Den spanske utdannings- og kulturministeren José Ignacio Wert kasta eld på det katalanske bålet då han sist haust tok til orde for å «spanjolisera» katalanske born. Og då dagens PP-regjering ikkje ville forhandla i det heile om å redusera dei økonomiske overføringane til sentralstyresmaktene i Madrid, var også «den katalanske krisa» eit faktum.

Er det rart at mange spanjolar er frustrerte og pessimistiske?


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive