Håpar på rettsoppgjer i Latin-Amerika

Kronikk: Men USA har framleis militærbasar i strategisk viktige område, basar som dei nyttar som utkikkspunkt for å føra kontroll, skriv Johannes Nymark i Bergens Tidende 30. september 2010.

30.09.2010 - Johannes nymark


Gjennom Latin-Amerika-gruppene i Noreg og forskarnettverk som er bygd opp dei seinaste tiåra, er det blitt avdekka korleis militærdiktatura i Latin-Amerika på 1970-talet førte ein systematisk undertrykkingspolitikk leia av USA for å knebla all opposisjon mot det etablerte samfunnet.

I starten av 1970-åra var vi mange som følgde spent med på kva som skjedde i Chile med Salvador Allende sin fredelege overgang til eit sosialistisk samfunn. Då det brutale militærkuppet mot Allende kom 11. september 1973 var det ikkje berre 1968-generasjonen som reagerte med vantru og hard fordømming. Rundt om på arbeidsplassar tok ein sterk avstand frå Augusto Pinochet sitt brutale kupp, som gjorde slutt på håpa om eit betre samfunn med likeverd som høgaste prioritet.

INTERESSA FOR CHILE botna nok i starten i at viktige chilenske parti på venstresida hadde sine søsterparti i Europa og også i Noreg. Det tok likevel ikkje lang tid før solidaritetsarbeidet blei utvida til å gjelda Latin-Amerika generelt, noko som speglar att i den rolla som LAG har hatt som solidaritetsorganisasjon frå slutten av 1970-åra og fram til i dag.

Ein av dei som sette sitt preg på den internasjonale debatten i solidaritetsrørsla, var spanjolen Joan Garcés, som i Allende si regjering var rådgjevar i ideologiske spørsmål. Statsvitaren Garcés har i bøker og talrike foredrag analysert menneskerettssituasjonen og rettsoppgjer i Latin-Amerika, samt tilhøvet mellom politisk og økonomisk utvikling, og ulike intervensjonsstrategiar i ei globalisert verd.

2. AUGUST 1979 signerte Jack Anderson ein artikkel i The Washington Post som han kalla «El Cóndor: the Latin American Criminals». Anderson kallar Kondorplanen for Dødens internasjonale. Då hadde Robert Sherrer, spesialagent i FBI, nokre år tidlegare avslørt at det fanst eit organisert samarbeid mellom undertrykkingsapparata i Argentina, Brasil, Chile, Bolivia, Uruguay og Paraguay. Det var dette samarbeidet som gjekk under namnet Kondorplanen og som gjekk ut på å samla, utveksla og ta vare på informasjon om personar på venstresida. «Det er ein organisasjon og ei organisering som tok til for kort tid sidan, med basis i eit samarbeid mellom dei hemmelege tenestene i Sør-Amerika», sa Sherrer berre ei veke etter at Salvador Allende sin tidlegare utanriksminister Orlando Letelier var blitt drepen av ei bilbombe i Washington 21. september 1976.

DET VAR IKKJE LETT for oss som arbeidde i solidaritetsrørsla den gongen å få ut informasjon i pressa om desse fakta, om vi hadde dei aldri så godt dokumenterte. USA kunne då ikkje vera med på slikt, var omkvedet - heilt til 1990-talet, då gradert materiale blei offentleg tilgjengeleg i USA. I oktober 1996 skreiv journalisten Silvio Hernández ein liten notis som blei sitert i mange nyheitsorgan verda over. Med tilvising til ein kommisjon frå Forsvarsdepartementet i Washington kunne ein mellom anna lesa at USA dreiv systematisk undervisning i tortur og brot på menneskerettane ved eit militærakademi i Panama.

Verkeleg veg i vellinga blei det då Martín Almada 22. desember 1992 troppa opp på ein politistasjon i bydelen Lambaré i hovudstaden i Paraguay, Asunción, saman med ein skokk journalistar og advokatar. Ærendet var å komma inn på politistasjonen der og få tilgang til dei såkalla terrorarkiva, dokument og mikrofilmar som kunne dokumentera overgrepa som hadde funne stad i Paraguay under Stroessnerdiktaturet (1954-1989).

Etter ihuga parlamentering gav styresmaktene etter og gav løyve til å undersøka terrorarkiva. Det synte seg at desse arkiva i Paraguay også dokumenterte det omfattande samarbeidet i undertrykking, tortur og forsvinning som hadde funne stad i Sør-Amerika på 1970-talet, ein politikk som var blitt utpønska i Washington og gjekk under namnet Nixon-Kissinger-doktrinen.

IKKJE NOK MED at USA, og spesielt Henry Kissinger - vinnar av Nobels Fredspris i 1973 - regisserte Kondorplanen og dødens internasjonale, dei lærte også opp latinamerikanske militære på School of the Americas, som i åra 1946-1984 låg i Panamakanalsona. I tillegg til opptrening i ulike former for psykisk og fysisk tortur, fekk dei latinamerikanske militære der utdanning i statsvitskap, sosiologi, psykologi, jus, økonomi, kultur og andre emne som skulle setja dei i stand til å styra land etter kupp.

School of the Americas gjekk under kallenamna «kuppskolen» og «torturskolen», og reklamerte freidig med at han hadde utdanna ti latinamerikanske presidentar. Ikkje eitt reklameord om at desse hadde kome til makta ved hjelp av statskupp. I 1984 blei skolen flytta til Fort Benning, Georgia (USA) og ber i dag namnet Western Hemisphere Institute for Security Cooperation.

DÅ DEMOKRATISERINGA starta i tidlegare militærdiktatur på 1980-talet, tok ein til med rettsoppgjer mot dei som hadde hatt ansvar for barbariet. Rettsoppgjeret mot dei militære i Argentina i 1980-åra blei reversert etter press frå Dei væpna styrkane og ettergjeving frå ein president, Carlos Menem, som var meir oppteken av nyliberalistisk økonomi enn av menneskerettar og rettsoppgjer. Men i dag ser det meir lovande ut for rettsoppgjer i alle fall i Argentina, Chile og Uruguay.

Frå 1998 av gjekk Latin-Amerika over frå å vera USA sin bakgard og dødens forgard til å presentera håp for eigne folk. USA har framleis militærbasar i strategisk viktige område, basar som dei nyttar som utkikkspunkt for å føra kontroll.

Dei sju militærbasane i Colombia ligg strategisk plassert for å halda oppsyn med dei venstreorienterte regjeringane i Venezuela og Ecuador. Militære i USA var snaue med å protestera då den no avsette presidenten i Honduras, Manuel Zelaya, ville gjera den USA-kontrollerte Soto Cano-basen i Palmerola om til sivil flyplass.

NYLEG HAR Martín Almada gjort merksam på at noko liknande kan skje med den reformvenlege presidenten Fernando Lugo i Paraguay. Ein spør seg då om USA sine to basar i Paraguay, på same måten som i Colombia og i Honduras, vil bli nytta til å kontrollera og avsetja ein lovleg vald president.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive