Kjell G. Salvanes i kompetansespreiingsutval

Kjell Gunnar Salvanes (Arkivfoto: Eivind Senneset)

Professor Kjell Gunnar Salvanes er blant medlemene i eit regjeringsutnemnt utval som skal greie ut tiltak for å spreie kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar over heile landet, og vurdere tiltak for å sikre rekruttering til slike arbeidsplassar i distrikta.

26.01.2010 - Hallvard Lyssand


Med ujamne mellomrom kjem debatten om opphoping av kompetansearbeidsplassar i byområde, og då særleg Oslo og omegn.

Flytting av etablerte statlege institusjonar frå hovudstaden til andre delar av landet har som kjent skapt relativt mykje rabalder tidlegare. No ønskjer likevel sitjande regjering å finna ut korleis ein kan spreia både statlege og private kompetansearbeidsplassar til andre område enn Oslo og Oslofjordområdet.

- Vi må ta heile Noreg i bruk. I Soria Moria II er vi samde om at det er viktig med kompetansearbeidsplassar over heile landet. Statlege verksemder kan bidra til dette. Men det er også viktig å byggje opp under sterke kompetansemiljø i privat sektor gjennom godt samspel mellom private og offentlege aktørar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) i ei pressemelding.

- Ved aktivt å leggja til rette for det, kan vi få spreidd slike arbeidsplassar betre enn i dag. Både større byområde utanfor Osloregionen, småbyar og mindre sentra må få sin del av ein slik vekst, seier Navarsete vidare.

Utnemnte utval

Sist fredag utnemnte regjeringa eit utval som skal vurdera tiltak for å spreia kompetansearbeidsplassar.

Utvalet vert leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe frå Universitetet i Oslo. Blant medlemene er professor Kjell Gunnar Salvanes frå Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH.

Utvalet sitt oppdraget er å:

• Fremja tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar blir spreidde over heile landet

• Vurdera tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta

• Byggja forslaga på kunnskap om korleis slike arbeidsplassar blir lokaliserte, rammevilkår for lokalisering og korleis rekruttering finn stad

• Vurdera konsekvensar av tiltaka på arbeidsmarknaden.


- Interessante problemstillingar

Salvanes trur oppdraget vert interessant.

- Det er jo spennande problemstillingar, og for meg som arbeider med arbeidsmarknad og utdanning er den regionale dimensjonen interessant. Om heile Noreg skal takast i bruk er det jo eit sentralt spørsmål kva type arbeidsplassar ein skal ha på ulike stader, påpeikar han.

- Desse spørsmål har hatt ein tendens til å føra med seg ein del bråk, særleg når det har kome konkrete forslag til flytting av arbeidsplassar. Er medlemskap i dette utvalet ein uriaspost?

- Vi skal ikkje handla, berre koma med forslag. Det er nok snarare dei som prøver å gjera noko som eventuelt får bråk, seier Salvanes.
Utavlet skal fremja førebels forslag i november i år, og den endelege innstillinga skal vera klar i februar 2011.

Les meir hjå Kommunal- og regionaldepartementet

Utvalsmedlemmer:
Professor Karen Helene Ulltveit-Moe, UiO, Oslo, (leiar)
Tidlegare stortingsrepresentant Åsa Elvik, Bø i Vesterålen
Seniorrådgjevar Lillian Hatling, Distriktssenteret, Steinkjer
Forskingsdirektør Torbjørn Hægeland, SSB, Oslo
Professor Kjell Gunnar Salvanes, NHH, Bergen
Regionutviklingsdirektør Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune, Bergen
Direktør Roar Tobro, Møreforsking, Ålesund.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive