Catalonia er ikkje Spania

Kronikk: Valet sist sundag førde til store omkalfatringar i katalansk politikk. Nasjonalistalliansen CiU gjekk så mykje fram at dei no har godt over dobbelt så mange sete i det katalanske parlamentet som nummer to, sosialistpartiet PSC, skriv Johannes Nymark i Dag og Tid 3. desember 2010.

03.12.2010 - Johannes Nymark


«Kjære landsmenn «, sa Artur Mas, presidentkandidaten til CiU (Convergència i Unió) då røystene var talde opp og sigeren sikra. Tiltalemåten viser partiet sitt nasjonalistiske katalanske ansikt på eit vis som har vore vanleg i den katalanske regionen i over eit hundreår. For ein katalanar, som for ein baskar, er ikkje termen »nasjonalisme« knytt til negative assosiasjonar, og katalanske politikarar har for vane å omtala regionen sin som ein nasjon.

Då den spanske Grunnlovsdomstolen tidlegare i år forbaud ein slik bruk av termen »nasjon« og ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret, førde det til ein gigantisk demonstrasjon med ein million i gatene i Barcelona 10. juli. Denne dagen blei eit vendepunkt i katalansk politikk.

Sosialistane taper

Dei to store partia i landsmålestokk i Spania − sosialistpartiet PSOE, som er i regjering, og opposisjonspartiet, det konservative PP (Partido Popular) −må finna seg i å spela andrefiolin i Catalonia. Jamført med valet i 2006 blei sosialistane deistore taparane. PP gjorde for så vidt eit godt val, til Catalonia å vera, for i denne regionen har partiet ry på seg for å vera antikatalansk.

Det at CiU fekk 62 deputerte i det katalanske parlamentet, gjer at Artur Mas og CiU kan regjera aleine. Sidan dei er seks mandat unna absolutt fleirtal, må dei inngå avtaler frå sak til sak, noko det har synt seg at dei er flinke til i praksis.

Paradoksalt nok har nemleg CiU, saman med Det baskiske nasjonalistpartiet,
PNV, spelt ei viktig rolle også på nasjonalt spansk plan, for ved fleire val har ikkje noko einskildparti fått absolutt fleirtal, og regjeringsparti - både PSOE og PP - har difor måtta støtta seg anten på eitt eller begge desse sentrum-høgrepartia, som berre stiller lister i sine respektive regionar.

Autonomi

I ein situasjon med krise i spansk økonomi ser CiU seg klemt mellom sine politiske prinsipp og meir kortsiktige interesser. Dette vil ganske sikkert føra til at partiet no ikkje vil gå inn for ei folkerøysting i Catalonia om lausriving frå Spania, slik andre grupper og parti ønskjer. CiU vil snarare gå inn for ein trinnvis strategi, der dei kan oppnå sigrar på einskilde punkt og gjera sitt til at autonomistatutta ikkje blir svekte.

Catalonia har opp gjennom historia fostra mange sterke personlegdomar. Ein slik profilert person som har gitt seg politikken i vald, er Joan Laporta, som inntil juni i år var president i fotballklubben FC Barcelona og no er leiar for SI, »Katalansk solidaritet for sjølvstende «, eit nasjonalistparti med slagordet »Hei sjølvstende, farvel til skatteranet«.

Laporta er førebels leiar for eit særs ungt miniparti, men han klarte å få fire representantar inn i parlamentet, og ein skal ikkje sjå bort ifrå at han kan komma sterkare tilbake ved ein seinare korsveg. Ein skal ikkje gløyma at FC Barcelona saman med det katalanske språket utgjer ryggrada i den katalanske identiteten.

Det konservative PP meiner det katalanske valet er starten på slutten for sosialistane sitt styre på nasjonalt spansk plan. Men lite tyder på at ein mekanisk kan overføra resultata frå Catalonia til spansk politikk.

Til det er Catalonia for ulikt resten av Spania.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive