Snart klart for NRK-debatt

NRK-debatt i Arendal, Stortingsvalet 2013 (Foto: NRK)

Fem av landets fremste politikarar kjem til det NRK-sendte folkemøtet frå Aulaen torsdag 29. august.

22.08.2013 - Tekst: Øyvind Torvund Foto: NRK


Førebels er det bekrefta at Jens Stoltenberg, Erna Solberg, Audun Lysbakken, Knut Arild Hareide og Ketil Solvik-Olsen er politikarane som skal delta i debatten. Tema for debatten blir økonomi.

- Dette blir eit skikkelig folkemøte, og eg gler meg til å sjå Aulaen full av engasjerte folk. Vi håpar å få plass til om lag 400 publikumarar, seier kommunikasjonssjef Kristin Risvand Mo.

Sending frå «Klubben»

Sendinga frå folkemøtet startar klokka 21.30 og varer i ein time.

I tillegg blir det ei 20 minutt lang vorspiel-sending før debatten på NRK3, og ei 30 minutt lang nachspiel-sending på NRK1 etter debatten. Denne sendinga vil truleg gå frå «Klubben» i kjellaren.

- Det er P3-konseptet «Verdens rikeste land» som flyttar inn i kjellaren. Her er tanken å nå ut til dei yngre veljarane, og det blir eit panel som vil sjå på debatten med eit skråblikk, seier Risvand Mo.

http://p3.no/rikeste/om/

Første mann til mølla

Det blir ikkje delt ut billettar til aula-debatten på førehand. Alle som ynskjer å vere publikum på folkemøtet må møte opp i døra, der det vil vere «førstemann til mølla»-prinsippet som gjeld.

For å vere sikra å komme inn er det difor anbefalt å vere tidleg ute.

Dørene vil opne om lag 45 minutt før debatten startar.

Lovar kjempestemning

Det blir også muleg å følgje debatten frå kjellaren for dei som ikkje får plass i Aulaen. Eksternansvarleg Trygve Lehne i NHHS kan love kjempestemning også der.

- Det kjem til å bli eit fantastisk trykk der. Eg trur dette blir eit arrangement som mange vil hugse i lang tid. Eg er også veldig glad for at vi denne gongen får vist fram den fantastiske kjellar-kulturen vi har her. Allereie no er det stor interesse for det som skal skje, seier Lehne.

Det er Jarle Roheim Håkonsen som skal vere programleiar for folkemøtet.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive