Tigerritt og tsunamisurfing

Rolf Erik Ryssdal, Schibsted, NHH Forum 2013 (Foto: Helge Skodvin)

Schibsted samanlikna utfordringane i dagens medieverd med å prøva å ri ein tiger. NHH-forskar Kenneth Fjell meinte det er meir tale om å prøva å surfa på ein tsunami.

05.09.2013 - Tekst: Hallvard Lyssand Foto: Helge Skodvin


Ei perlerad av Schibsted-toppar var på plass på aula-scena då NHH, NHHS og den norskbaserte, men høgst internasjonale mediegiganten inviterte til 2013-utgåva av NHH Forum onsdag.

Sidan world wide web gjorde internett til allemannseige frå midt på 1990-talet har medieverda vore prega av omfattande og til dels brå endringar.

Som storeigar innan alt frå papir- og nettaviser til digitale rubrikkannonser og vermeldingstenester i ei rekkje land må Schibsted Media Group jobba konstant for å hengja med i svingane.

- For å skildra marknadssituasjonen vi må forholda oss til har vi har lånt omgrepet «riding the tiger» frå våre asiatiske businesspartnarar, sa konsernsjef Rolv Erik Ryssdal, og forklarte at det handlar om å prøva å styra valdsame og uføreseielege krefter, og å vera klar og viljug til å gjera endringar så fort ein kan.

Digitalt jordskjelv

Førsteamanuensis Kenneth Fjell frå Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap gjekk endå lenger.

Med utgangspunkt i eit produkts livssyklus frå innovasjon til det er forelda, peikte han på det moderne internettets fødsel som eit digitalt jordskjelv som råka alle produkt, gamle som nye.

Jordskjelvet har alt skapt nokre tsunamiar, og fleire er på veg. Kunsten er å vera klar til å surfa når bølgja kjem. Om ein ikkje er klar, vert ein vaska vekk. Det kan truleg både taparane etter dotcom-bobla tidleg på 2000-talet, og for den del Nokia sin nyselde mobildivisjon skriva under på.

Etter innlegg frå blant andre professor og CSI-leiar Tor Wallin Andreassen og postdoktor Therese Sverdrup, begge frå NHHs Institutt for startegi og leiing, samt spørsmål frå den fullsette salen, flytta deltakarane seg til kantina, der studentane fekk høve til å snakka direkte med Schibsted-toppane.

Rolf Erik Ryssdal, Schibsted NHH Forum 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Rolf Erik Ryssdal er konsernsjef i Schibsted og hovudansvarleg for selskapets tigerritt.
NHH Forum 2013 (Foto: Helge Skodvin)
NHH-forskarar og Schibstedfolk samla på aula-scena. Frå venstre: Førsteamanuensis Kenneth Fjell, professor Tor W. Andreassen, Executive Vice President Communications & CSR, Lena K. Samuelson, postdoktor Therese Sverdrup, administrerende direktør i Schibsted Classified Media Terje Seljeseth, CEO Rolf Erik Ryssdal, konserdirektør Sverre Munck og leder for Strategi og digital transformasjon, Frode Eilertsen.
NHH Forum 2013, mingling med Rolf Erik Ryssdal (Foto: Helge Skodvin)
Etter arrangementet i aulaen mingla Schibsted-toppar og NHH-studentar i kantina. Rolf Erik Ryssdal over. Tidlegare ansvarleg redaktør i VG, Bernt Olufsen under.
Bernt Olufsen, NHH Forum 2013 (Foto: Helge Skodvin)

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive