NHH vertskap for Noregs Banks representantskap

Noregs Banks representantskap, seminar ved NHH (Foto: Hallvard Lyssand)

Noregs Banks representantskap har seminar ved NHH i dag. På timeplanen står blant anna oppdatering omden globale makroøkonomiske utviklinga, etiske perspektiv på eigarskap og alternative perspektiv på NBIM sin forvaltingsmodell.

12.09.2013 - Hallvard Lyssand


Noregs Banks representantskap har som oppgåve å føra tilsyn med drifta av sentralbanken og at reglane for verksemda vert følgde.

Dei 15 medlemene vert valt av Stortinget for fire år av gangen, og gjev årlege tilsynsrapportar til Stortinget.

Representantskapet har seks møte i året, og eitt av desse er eit seminar. Mellom anna har dei vore på vitjing dei fleste stader der NBIM har forvaltarar.

Årets seminar er lagt til NHH, og torsdag morgon ønskte prorektor Sunniva Whittaker medlemene velkomne ved å konstatera at det er tette band mellom sentralbanken og høgskulen. Ho påpeikt m.a. at banken tilset mange NHH-kandidatar og at det vert forska mykje på bankens fagfelt ved NHH.

Klar tale

- Sentralbankleiarar må vega sine ord på gullvekt, fastslo Whittaker, og siterte mangeårig sentralbanksjef i USA, Alan Greenspan: «Since becoming a central banker, I have learned to mumble with great incoherence.»

- Men slik uklar mumling blir det ingenting av i dag, lova Whittaker, som introduksjon til førelesarane.

Dei to første ut var professorane Gernot Doppelhofer og Øystein Thøgersen frå Institutt for samfunnsøkonomi, sistnemnte med fartstid frå styret i Noregs Bank.

Dei tok for seg den makroøkonomiske utviklinga i høvesvis Europa og resten av verda, og potensielle konsekvensar for norsk økonomi.

I andre sesjon tok professor Alexander W. Cappelen og seniorrådgjevar i Hermes Investment Management, Hege Sjo, for seg spørsmål om etikk, tillit og legitimitet i kapitalforvalting og eigarskapsutøving.

Dagens siste sesjon handlar om NBIM sin forvaltingsmodell, og er ved professor Thore Johnsen frå Institutt for finans, direktør Benedicte Schilbred Fasmer frå Argentum og administrerande direktør Øystein Medlien frå Grieg Investor.

Les meir om Noregs Banks representantskap på norges-bank.no

Noregs Banks representantskap seminar sep 2013 (Foto: Halvard Lyssand)
Noregs Banks representantskaps årlege seminar vert halde ved NHH i år. Utvalsleiar Reidar Sandal nærast kamera.
Norges Banks representantskap-seminar, september 2013 Gernot Doppelhofer (Foto: HAllvard Lyssand)
Gernot Doppelhofer tok for seg den makroøkonomisk e utviklinga i Europa i augneblinken med utgangspunkt i tilhøvet mellom gjeld og vekst.
Noregs Banks representanskap-seminar, sep. 2013, Øystein Thøgersen (Foto: Hallvard Lyssand)
Fortesett den norske økonomiske idyllen? Øystein Thøgersen meiner ja, men hadde neppe vore makroøkonom om han ikkje også hadde nokre risikofaktorar på lur, til dømes utviklinga i Kina.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive