Kydland om økonomisk politikk og bærekraftig utvikling
NHH-alumni og nobelprisvinnar, professor Finn E. Kydland vitjar høgskulen denne veka.
11.09.2013 - Hallvard Lyssand
Relativt nøyaktig 40 år etter at han byrja som NHH-student er Kydland, som også er professor II ved høgskulen, innom på besøk.
Onsdag heldt nobelprisvinnaren frå 2004 ei førelesing for inviterte tilhøyrarar frå fiannsnæringa og NHH i regi av Finans|Bergen og Institutt for finans. Tittelen var Economic Policy and Sustainable Growth.
I morgon (torsdag 12. september) skal Kydland halda eit fellesseminar for institutta Finans og Samfunnsøkonomi med tittelen Monetary Policy, the Tax Code, and the Real Effects of Energy Shocks'.
Seminaret finn stad frå 10.45 til 12.00 i Aud. Agnar Sandmo.
Professor og nobelprisvinnar Finn E. Kydland var gjesteførelesar i regi av Finans Bergen og Institutt for finans onsdag. Torsdag held han eit fagseminar i samarbeid med Finans og Samfunn.
|