Ny postdoktor på samfunn

Mathias Ekström har byrja som postdoktor ved The Choice Lab ved Institutt for samfunnsøkonomi.

03.10.2013 - Hallvard Lyssand


31 år gamle Mathias Ekström er frå Stockholm, og fullførte doktorgraden ved Nationalekonomiska institutionen ved Stockholms universitet 25. september.

Ekström forskar blant anna på korleis vi vert påverka av andre og av sosialt miljø når vi tek konsumavgjerder, og er tilknytt forskargruppa The Choice Lab.

- Kvifor ville du til NHH?

-Det er ein fantastisk skule, og The Choice Lab er ei veldig bra og dynamisk gruppe. Bergen verkar dessutan å vera ein triveleg by, seier Ekström.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive