Sløsing med talent?

Kronikk: Stadig fleire av dei beste talenta arbeider med kontroll og dokumentasjon. Slik kan politikarar og leiarar i det offentlege halda ryggen fri, men er det rett bruk av samfunnet sin viktigaste ressurs, spør førsteamanuensis Aksel Mjøs i ein kronikk i DN 9. november.

11.11.2013 - Aksel Mjøs


Finanskrisa synte kor gale det kan gå når leiarar prioriterer personleg vinning, trass i auka risiko for tap for eigarar og samfunn. Ikkje berre var lønene ofte fråkopla reell verdiskaping, også risikoen var liten.

Maktmisbruk og imperiebygging er klassiske døme på det økonomar kallar agentproblem. Omfanget av kostnadane ved slikt misbruk og tiltak for å redusera skadeverknadane er sentrale forskingstema både innan finansiell økonomi og leiarskap.

Eg trur at agentproblema er like reelle innan politisk og offentleg leiarskap som i næringslivet, sjølv om dei kan gi seg andre utslag.

Mediaintens kvardag

I eit demokrati som det norske er frie val og open informasjon dei beste verkemidla for å sikra at politikarar arbeider for felles - og ikkje private - mål. Politikarar og offentlege leiarar er stort sett ansvarlege fellesskapsrepresentantar, men det er likevel grunn til å spørja om agentproblematikken kan illustrera korleis dei vurderer risiko.

Vi har liten grunn til å tru at politikarar og offentlege leiarar er korrupte og berikar seg gjennom sine posisjonar. Det er større fare for at dei nyttar våre ressursar til å redusera si personlege risikoeksponering.

I dagens mediaintense politiske kvardag er det stadig meir søkelys på å avsløra og kritisera feil og passivitet, enn på å visa og anerkjenna godt arbeid. Dette skuldast nok både politisk kiving, media si kommersielle interesse av negative sensasjonar, men og reaksjonane frå dei som vert nedprioriterte.

Nytten ikkje vurdert

Korleis kan så leiarar og politikarar redusera sin risiko?

Eksempel kan vera nye tilsyn, rapportar, kvalitetssikring, dokumentasjonskrav, kontrollar, granskingar osv. Iverksetting av slike tiltak vert sett på som teikn på politisk handlekraft og ansvarlighet, og vil redusera kritikken om noko går gale.

Kostnadane eller reell nytte ved tiltaka vert i liten grad vurderte. Desse oppgåvene er krevjande om dei skal utførast skikkeleg og difor treng ein å rekruttera av våre beste talent.

I lys av dette er det ei samfunnsutfordring å bremsa ineffektiv ressursbruk på risikoreduserande aktivitetar og stilla krav om «samfunnsøkonomisk lønsemd» i slike aktivitetar. Nytten, målt gjennom reduserte forventa tap, det vil seie. (redusert sannsynlighet) x (tap/skade om noko skjer), må vera større enn kostnaden.

Nytten er ofte vanskeleg å anslå, medan ressursinnsatsen er enklare å fastslå, den omfattar både ressursar i «støtteyrker», men og den tida til dømes legar og lærarar må nytta på rapportering og kontrollar. Kostnadane ved risikoreduserande initiativ kjem ikkje berre i offentleg administrasjon, men og private verksemder og hushald. I tillegg til direkte kostnader tek det sjølvsagt også fokus og tid bort frå hovudoppgåvene.

Mange i støtteyrke

Vår største kapital er humankapitalen, og spørsmålet om kva oppgåver leiarane rekrutterer våre beste talent til er svært viktig.

Dei siste sju åra har andelen av sysselsette med høgare utdanning vakse frå 32 prosent til 38 prosent, og om lag halvparten av desse arbeider i offentleg sektor (Arbeidskraftundersøkinga, SSB/NSD). Mykje tyder på at stadig fleire av desse hamnar i «støtteyrke» med kontroll og dokumentasjonsoppgåver heller enn utøvande yrker.

I støtteyrka har andelen med høgare utdanning auka med ti prosentpoeng til 62 prosent dei siste sju åra. Veksten er særleg stor innan offentleg sektor, der andelen i støtteyrke som har høgare utdanning og arbeider i offentleg sektor har auka frå 27 prosent til 38 prosent sidan 2006.

Stadige reguleringar

Utfordringane ved å balansera risikoreduksjonen er mange. Noreg, eit land tradisjonelt prega av høg tillit, vert utfordra av internasjonale krav. EU bidrar med stadig nye reguleringar og eit internasjonalisert næringsliv opplever aukande europeiske og amerikanske dokumentasjons- og kvalitetssikringskrav, ikkje berre innan oljerelatert verksemd. Tilsette og leverandørar som arbeider med kvalitet, kontroll og dokumentasjon vil naturleg nok og kunna ha sterke motførestellingar mot reduksjonar.

Utfordringane er store i å bremsa tilfanget av «nye tiltak», men endå større om ein skal redusera eller leggja ned etablerte tiltak som har vorte irrelevant. I seg sjølv er dette eit argument mot nye støtteaktivitetar sidan dei er så vanskelege å leggja ned.

Vi må velja om våre ressursar og talent skal nyttast til å pleia eldre eller til dømes til å utvida Riksrevisjonen og difor ha same effektivitetskrav til risikoreduksjon som til tenesteleveransar.

Eller som Kåre Willoch sa det: «At en [ikke bruker mer] talent (...) på å passe på at det ikke skjer noe galt fremfor å finne på noe riktig».


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive