Tre nye leiarar
NHH har tilsett tre nye leiarar. Svenn-Åge Dahl blir direktør for eksternt retta verksemd, Linda Rud skal leia Forskingsadministrativ avdeling og Kristin Beate Risvand Mo er blitt kommunikasjonssjef.
12.03.2013 - Hallvard Lyssand
Svenn-Åge Dahl er tilsett i ei nyoppretta stilling som direktør for eksternfinansiert verksemd. Dahl kjem frå ei stilling som avdelingsdirektør ved Forskingsadministrativ avdeling ved UiB, og tiltrer ved NHH i slutten av mai.
Han skal leia Avdeling for eksternt retta verksemd, som vart oppretta i samband med omorganiseringa av sentraladministrasjonen. Avdelinga har ansvaret for NHH Executive, seksjon for næringslivskontakt og kontakten med SNF og AFF. Hovudoppgåvene er å utvikla høgskulens kommersielle og oppdragsbaserte aktivitet, NHHs kontakt med næringsliv og forvalting, samt overordna salsansvar for oppdragsbasert forsking og utdanning.
Også Forskingsadministrativ avdeling vart oppretta i samband med omorganiseringa av administrasjonen og består av seksjonane Forskingsadministrasjon, Forskarutdanning og Biblioteket
Linda Rud er no tilsett i stillinga som avdelingsleiar.
Rud er siviløkonom med høyere avdelings eksamen i bedriftsøkonomisk analyse og doktorgrad frå NHH. Ho har vært tilsett som forskar ved SNF sidan 1988 og har vore postdoktor ved Institutt for føretaksøkonomi sidan august 2009.
Kristin Beate Risvand Mo er tilsett som kommunikasjonssjef. Ho har vore konstituert i stillinga sidan januar 2012.
Mo har vore mediekonktakt ved NHH sidan 2005, og kom til høgskulen frå ei rådgjevarstilling i WIKOS kommunikasjon. Ho er utdanna cand.polit. i medievitskap frå Universitetet i Oslo.
|