Styret diskuterer strategi på Solstrand

Solstrand Hotel & Bad (Arkivfoto: Helge Skodvin)

Måndag og tysdag er NHH-styret samla til møte og strategiseminar på Solstrand Hotel & Bad.

15.03.2013 - Hallvard Lyssand


Lista over vedtakssaker til årets andre styremøte er kort. Styret skal handsama Rapport og planer 2012-2013, eit framlegg til vedtekter for NHH Alumni, samt referatsaker og ein statusrapport for oppfølging av styresaker.

Blant vedtakssakene er også ei skisse til ny strategi for NHH for perioden 2014-2017. Skissa skal vera ein del av grunnlaget for styret sin debatt på strategiseminaret, som startar rett etter det ordinære styremøtet måndag ettermiddag og fortsett på tysdag.

Sjå møteinnkalling og saksdokument til møte nr. 2, 2013 på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive