Samfunnsøkonomen feirar Sandmo

Agnar Sandmo (Arkivfoto: Helge Skodvin)

9. januar i år fylte professor emeritus Agnar Sandmo 75 år. Tidsskriftet Samfunnsøkonomen markerer høvet ved å via store delar av årets første utgåve til Sandmo og forskinga hans.

12.03.2013 - Hallvard Lyssand


"Sandmo fremstår i dag som den ubestridte nestoren i blant nålevende norske samfunnsøkonomer," konstaterer NHH-professorane Rolf Jens Brunstad, Alexander W. Cappelen og Bertil Tungodden i leiaren til Samfunnsøkonomen, nr. 1, 2013.

Sandmo sine tre instituttkollegaer er gjesteredaktørar for ei utgåve som på ulike vis er vigd til Sandmo sitt virke som forskar. Målet er å hylla 75-årsjubilanten ved å visa korleis han har prega både norsk og internasjonal samfunnsøkonomisk debatt.

Blant bidragsytarane er ei rekkje kollegaer frå både NHH og andre institusjonar, mellom anna Victor D. Norman, Kåre P. Hagen, Guttorm Schjelderup, Kalle Moene og Geir Asheim. Schjelderup, Cappelen og Tungodden har elles det til felles at dei har hatt Sandmo som rettleiar då dei tok doktorgrad.

Agnar Sandmo bidreg også sjølv, delvis ved å la seg intervjua, men også gjennom ei melding av boka "The Ethics and Politics of Environmental Cost-Benefit Analysis", av UiO-professor Karine Nyborg.

Sandmo-utgåve av Samfunnsøkonomen feira på Samfunn (Foto: Hallvard Lyssand)
- Eg visste ingenting om desse planane før tidsskriftet kom ut. Det er overveldande, sa Agnar Sandmo til Paraplyen då Institutt for Samfunnsøkonomi var samla for å markera utgjevinga av "Sandmo-utgåva" av Samfunnsøkonomen tysdag.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive