Guttorm Schjelderup i skatteutval
Professor Guttorm Schjelderup ved Institutt for foretaksøkonomi er blant medlemmene i eit nyutnemnt utval som skal vurdera selskapsskattlegginga i Noreg i lys av den internasjonale utviklinga.
15.03.2013 - Hallvard Lyssand
- Dei siste åra har fleire land, mellom anna Sverige, Finland og Storbritannia, redusert selskapsskattesatsane og stramma inn reglane for rentefrådrag. Endringane i selskapsskattlegginga gjenspeglar dels ein konkurranse om å tiltrekke seg aktivitet og investeringar og dels et ønske om å beskytta nasjonale skattegrunnlag.
- Utviklinga internasjonalt krev ei vurdering av den norske selskapsskatten for å sikra at skattesystemet er robust i høve den internasjonale utviklinga, heiter det i ei pressemelding frå Finansdepartementet fredag 15. mars.
Regjeringa utnemnte fredag eit ekspertutval som skal vurdera endringar i selskapsskattlegginga i samanheng med skattesystemet som heilskap.
Blant medlemmene er NHH-professor og leiar for Norwegian Centre for Taxation, Guttorm Schjelder
Leiar er administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå, Hans Henrik Scheel.
Utvalet skal innstillinga si innan 15. oktober 2014.
Les meir hos Finansdepartementet
|