Tek i bruk nytt telefonsystem

Ny telefon

Måndag 6. mai tek NHH i bruk nytt telefonsystem. IP-telefoni opnar for ei rekkje nye mogelegheiter, men krev også nokre nye rutinar frå den einskilde brukaren.

02.05.2013 - Hallvard Lyssand


Klokka åtte måndag 6. mai vert NHH sitt gamle telefonsystem kopla ut og erstatta av IP-telefoni.

Enkelt forklart tyder det at ein går frå tradisjonell telefonkabel til å bruka datanettverket.

- Ei av årsakene til at vi gjer dette er nybygget. Der er det ikkje lagt opp til tradisjonell telefoni i det heile. Og når vi først gjer ei slik endring vel vi å gjera det for heile høgskulen samstundes, seier IT-sjef Thor-Inge Næsset.

Nytt apparat, gamalt nummer

Alle tilsette vil få eit nytt telefonapparat. Utdeling og oppkopling av desse er alt i gang.

Telefonnummeret til den einskilde tilsette blir likevel det same.

Einaste unntak kan vera stipendiatar og andre som så langt har hatt eit felles nummer. Dei vil på sikt få tildelt individuelle nummer.

Nye moglegheiter

Overgangen til IP-telefoni tyder at ein kan byrja å tenka på telefonen som ei lita datamaskin.

Systemet NHH skal nytta heiter Microsoft Lync og er valt av di det passar saman med systema høgskulen alt har.

- I første omgang konsentrere vi oss om å etablera systemet og sikra at det fungerer.

- Men IP-telefoni opnar for eit breitt spekter av nye tenester, frå videokonferanse via eigen PC til tett integrering mot Outlook-kalenderen og mykje anna: Dette vi vil presentera nærare etter kvart, seier Næsset

Nye rutinar

- Samstundes krev overgangen også ein del av brukane, legg han til.

Alle tilsette må logga seg på telefonen sin med sitt telefonnummer og ein pinkode.

Nærare informasjon om pålogging vil bli sendt ut via e-post måndag morgon.

- Grunna tilknyting til andre tenester er det viktig å hugsa å logga av eller låsa telefonen, slik ein gjer med kontor-PC-en, understrekar Næsset.

Påloggingsfunksjonen gjer at tilsette kan logga seg på ein kvar telefon ved NHH og få telefonar til sitt eige nummer uavhengig av kva kontor ein sit på.

Blant andre merkbare endringar er at ein ikkje lenger treng å slå null for å ringja ut. Ordinære nummer med null framfor vil i realiteten ikkje fungera.

Spørsmål og bøner om hjelp med det nye telefonsystemet skal rettast til den lokale IT-brukarstøtta.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive