Samfunn inviterer til masteroppgåvekonkurranse

Institutt for samfunnsøkonomi inviterer alle studentar som skriv masteroppgåve innan samfunnsøkonomi til å delta i den årlege konkurransen om beste oppgåve. Vinnaren får både ei pengepremie, heider og høve til å presentera arbeidet for instituttet. Frist 1. juli.

29.05.2013 - Red.


Institutt for samfunnsøkonomi arrangerer masteroppgåvekonkurransen ein gong i året.

Prisen vert tildelt uavhengig av valt profil, og konkurransen er open for alle som skriv oppgåve innanfor det samfunnsøkonomiske feltet, men oppgåva må vera levert til sensurering i løpet av dei 12 siste månadene.

Målet med konkurransen er å få opp engasjementet for å skriva gode oppgåver. Samstundes får ein også synleggjort nokre av dei gode arbeida som vert gjort.

Vinnaren får kr 15.000, ein diplom og sjansen til å leggja fram arbeidet for instituttet ved eit passande høve.

Fristen for innlevering av oppgåver til konkurransen er 1. juli 2013.

Lever oppgåva i to eksemplar til Agnethe Harbitz i resepsjonen på Institutt for samfunnsøkonomi i Nybygget.

Ein komité utnemnt av instituttet kårar ein vinnar i september 2013.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive