Thøgersen og Almås i finansdepartementsutval

Øystein Thøgersen og Ingvild Almås

NHH og Institutt for samfunnsøkonomi har to medlemer i Finansdepartementets gjenoppnemnte Rådgjevande utval for modell- og metodespørsmål. Øystein Thøgersen er utnemnt for ein ny toårsperiode, medan Ingvild Almås er ny medlem.

03.06.2013 - Hallvard Lyssand


Modell- og metodeutvalet er Finansdepartementets rådgjevande organ i modell- og metodespørsmål knytt til makroøkonomi, og skal bidra til å styrka kontakten mellom departementet og andre fagmiljø.

Utvalet gjev råd både om bruk dei modellane departementet alt nyttar og andre relevante modellar. Vidare skal dei m.a. bidra med fagleg vurderingar om berekningar i nasjonalbudsjett og perspektivmeldingar.

Utvalet har ti medlemer som vert utnemnt for to år av gangen. Professor Øystein Thøgersen ved Institutt for samfunnsøkonomi er blant dei åtte som fredag 31. mai vart oppnemnt for ein ny periode.

Hans instituttkollega, førsteamanuensis Ingvild Almås, er ein av to ny medlemer.

Rådgjevande utval for modell- og metodespørsmål, utnemnt 31. mai 2013
Professor Steinar Holden, Universitetet i Oslo (leiar)
Spesialrådgjevar Ragna Alstadheim, Noregs Bank
Professor Torben Andersen, Århus universitet
Professor Hilde Bjørnland, Handelshøyskolen BI
Forskingsdirektør Torbjørn Hægeland, Statistisk sentralbyrå
Ekspedisjonssjef Knut Moum, Finansdepartementet
Professor Øystein Thøgersen, NHH
Professor Ragnar Torvik, NTNU
Førsteamanuensis Ingvild Almås, NHH (ny)
Docent Helena Svaleryd, Universitetet i Uppsala (ny)


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive