Nytt styre i SNF

Lars Sørgard (Arkivfoto)

Professor Lars Sørgard vart vald til ny styreleiar i SNF under generalforsamlinga sist fredag.

24.06.2013 - Hallvard Lyssand


Sørgard er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi er ny i SNF-styret og tek over som styreleiar etter instituttkollega Victor D. Norman.

- Victor Norman har gjort ein formidabel jobb som styreleiar. Då han fekk vervet sommaren 2007 var det store utfordringar, blant anna knytt til utviklinga i lønsemda for SNF.

- Han gjekk aktivt inn i arbeidet som styreleiar og har bidrege til ei god utvikling. SNF har no ei god økonomisk stilling, og organiseringa av SNF som selskap og internt har også blitt betydelig endra i gunstig retning dei siste åra. Slik sett blir det styrets rolle framover å byggja vidare på den positive utviklinga som vi har sett dei siste åra, seier Sørgard til Paraplyen.

Inge Jan Henjesand (Abelia) er nytt eksternt styremedlem, medan Katrine Trovik (DNB) vart attvald.

Helge Thorbjørnsen (NHH) er også ny i styret, medan Mette H. Bjørndal (NHH), Katarina Kaarbøe (NHH), Afsane Bjorvatn (SNF) og Torstein Nesheim (SNF) vart attvalde.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive