NHH i korte trekk
«2012: I korte trekk» er både NHH si årsmelding for fjoråret og ein meir varig snarveg til nokre sentrale fakta om høgskulen.
04.06.2013 - Hallvard Lyssand
Den nye brosjyren skil seg frå tidlegare årsmeldingar både i format, bladbunad og til dels i innhald.
I tillegg til nøkkeltal og -hendingar frå 2012 er det teke med studie- og forskingsrelaterte fakta som gjer at publikasjonen kan fungera som ein rask introduksjon til NHH.
Ei papirutgåve av brosjyren vil bli sendt til alle einingar ved NHH.
Brosjyren kan òg hentast på Kommunikasjonsavdelinga, eller lastas ned i pdf-versjon på nhh.no.
|