Biblioteket lanserer to nye nettressursar

Biblioteket ved Norges Handelshøyskole arbeider for å lette kvardagen for studentar på alle nivå, og er no med på å lansere to nettbaserte hjelpemiddel; Søk & Skriv har komme i ny og forbetra versjon, medan PhD on Track er heilt ny.

10.06.2013 - Red.


Søk & Skriv

Nettstaden http://sokogskriv.no/ blei våren 2013 lansert i ny versjon, på både norsk og engelsk. Det er ein gratis, fritt tilgjengeleg nettressurs laga for alle studentar som ynskjer å lære meir om litteratursøk, akademisk skriving og etisk kjeldebruk.

Søk & Skriv er:

  • Eit oppslagsverk
  • Eit verktøy for sjølvstudium
  • Ein ressurs til bruk i rettleiing og undervising

Nettstaden inneheld tekstar og tips om aktuelle tema som søking, kjeldevurdering og sitering, argumentasjonsanalyse, studieteknikk og skriveprosess. Informasjon, øvingar og døme er organisert i dei fire spora Søking, Lesing, Skriving og Kjeldebruk og referansar.

Søk & Skriv er eit samarbeid mellom biblioteka ved Høgskolen i Bergen, Norges Handelshøyskole, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo, og Akademisk skriving ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, Universitetet i Bergen.

PhD on Track

Den nye nettstaden PhD on Track skal bidra til å støtte PhD-kandidatar med utfordringar dei kan møte i arbeidet sitt, frå kartlegging av forskingslitteratur til publisering av resultat. Målgruppa for nettstaden er dei heilt nye ph.d.-kandidatane.

Nettstaden phdontrack.net er eit nyttig og relevant verktøy for PhD-kandidatar, og konsentrerer seg om tre område:

  • Effektive måtar å kartlegge og systematisere forskingslitteratur på
  • Publiseringsprosessen med emne som innsending for publikasjon, opphavsrett og Open Access-publisering
  • Evaluering og rangering i den norske forskingsmodellen, samt bruk av siteringsindikatorar

PhD on Track er ein gratis nettressurs, tilrettelagt for bruk på PC så vel som mobil eller nettbrett.

Nettstaden vart lansert den 23. mai på konferansen «PhD on Track - en konferanse om bibliotekenes veiledning av PhD kandidater», og er eit samarbeid mellom biblioteka ved NHH, Aalborg Universitet, Høgskolen i Bergen, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

Medarbeidarar frå NHH-biblioteket har vore med å utvikle begge nettstadene. Vi vonar brukarane våre vil ha nytte av dei, og tek gjerne imot spørsmål, tilbakemeldingar og tips til forbetringar. Nytt «Spør oss» / «Ask us»-funksjonen frå nettstaden eller ta direkte kontakt med Fredrik Kavli (PhD on Track) eller Eli Heldaas Seland (Søk & Skriv) i biblioteket.

Nysgjerrig? Ta ein kikk på phdontrack.net og http://sokogskriv.no/ og gjer deg kjent med ressursane. Viss du lurer på noko spesielt, prøv søkefunksjonen som ligg i eit eige vindauge i øvre høgre hjørne på begge nettstadene.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive