Trond M. Døskeland styrevara i Folketrygdfondet
Førsteamanuensis Trond M. Døskeland ved Institutt for foretaksøkonomi er ein av to fast møtande vararepresentant i Folketrygdfondets nyutnemnde styre.
09.01.2013 - Hallvard Lyssand
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg og Statens obligasjonsfond på vegne av Finansdepartementet. Samla forvaltingskapital ved utgangen av tredje kvartal 2012 var på ca. 195 mrd. kroner.
Etter forslag frå Finansdepartementet vedtok Stortinget i 2012 endringar i styreordninga for Folketrygdfondet med verknad frå 1. januar 2013.
Endringane klargjer at det er departementet som utpeikar styremedlemer og vurderer om styrets samla kompetanse er riktig. Samstundes vart styret redusert frå ni til sju medlemer. Ordninga med personlege vararepresentantar vart også oppheva. I staden er det innført ei ordning med to fast møtande vararepresentantar.
Eit nytt styre under leiing av advokat Erik Keiserud tiltredde frå 1. januar i år.
Den eine av dei to nye vararepresentantane er førsteamanuensis Trond M. Døskeland frå Institutt for foretaksøkonomi.
Les meir på Finansdepartementet sine nettsider
|