Statsautoriserte translatørar i fare

Translatør (Illustrasjon: Willy Skramstad)

Over 80 prosent av dei oppmelde kandidatane stryk på translatøreksamen ved NHH. Det finst inga formell språkutdanning for translatørar. No ønskjer Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH å utvide kurstilbodet til translatørkandidatane.

02.01.2013 - Hanna Sommerstad


Dette kom fram då Statsautoriserte Translatørers Forening og Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH arrangerte Translatørdagen i oktober 2012.

Bachelorgrad

NHH ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon (FSK) forvaltar translatøreksamen på vegner av Kunnskapsdepartementet.

Formålet med ordninga er å uteksaminere kompetente omsetjarar som er i stand til å ta på seg oppdrag for næringsliv, offentlege myndigheiter og privatpersonar.

Bestått translatøreksamen er ein føresetnad for å få løyve som statsautorisert translatør, men kravet for å gå opp til translatøreksamen er lågt.

I praksis kan kven som helst med ein bachelorgrad melde seg opp til denne eksamenen.

Behov for meir utdanning

Sunniva Whittaker (Foto: Eivind Senneset)
Professor Sunniva Whittaker.
Foto: Eivind Senneset

Det er altså ikkje krav om verken formell språkutdanning eller utdanning i omsetjing for å ta translatøreksamen.

- Derfor er også strykprosenten blant translatørkandidatane svært høg. Translatøreksamen skal bidra til kvalitetssikring og er derfor eit trongt nålauge å komme gjennom, påpeiker Sunniva Whittaker, professor ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH.

I haust melde over 100 kandidatar seg opp til translatøreksamen, noko som tyder på høg interesse og stort behov for meir utdanning innanfor faget.

- Noreg har svært få undervisningstilbod i fagomsetjing. Dei aller fleste kandidatane må derfor tileigne seg kunnskap og ferdigheiter på eiga hand, forklarer Whittaker.

Krev bevisstgjering

Ei anna utfordring knytt til translatøreksamen er at han ikkje finst i alle språk. Whittaker påpeiker at det dermed ikkje alltid er slik at kundane har høve til å bruke autoriserte translatørar.

Ho trur likevel at det, trass i insentivproblema, framleis blir rekna som eit konkurransefortrinn å kunne skilte med ein statsautorisasjon, noko talet på oppmelde kandidatar klart stadfestar

- Det er ei utfordring å gjere kundane, både i det offentlege og det private, bevisste på at statsautorisasjonen gir tryggleik for at omsetjingane dei bestiller, blir skikkeleg kvalitetssikra. Å heve statusen til dei statsautoriserte translatørane bør derfor vere noko alle har interesse av, og autoriserte translatørar bør brukast så langt som råd er, seier Whittaker.

Jens-Uwe Kumpch, statsautorisert translatør og eigar av firmaet Språk & Tekst, er einig. Han var ein av foredragshaldarane under Translatørdagen, og han fortel om ein bransje i endring.

- Ei globalisert verd skaper eit stadig større behov for kyndige translatørar. Likevel blir fleire omsetjingstenester automatiserte. Samtidig er det svært mange omsetjarar utan autorisasjon som sel seg billeg på den same marknaden som autoriserte translatørar opererer i, seier han.

Insentivproblem

Kumpch meiner at det oppstår eit insentivproblem når mange kundar er villige til å bruke desse «billege» omsetjarane utan autorisasjon. Mange mister då motivasjonen for å ta translatøreksamenen.

Enkelte oppdrag eller aktørar krev framleis ein translatør med eit offisielt stempel i papira sine, men desse blir det færre og færre av, kan Kumpch fortelje.

- I mange forskrifter er ordlyden blitt endra frå «krav» om å bruke statsautoriserte translatørar til «anbefaling» om at det blir gjort. Det gjeld i staten òg. Vi etterlyser no at systemet igjen blir pottetett, slik at autoriserte translatørar slepp å konkurrere på den same marknaden som omsetjarar utan offisielle papir, seier Kumpch.

Langsiktig mål om ny master

Whittaker fortel at Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon no jobbar med eit langsiktig mål om å kunne tilby kurs på masternivå. Instituttet, i samarbeid med nordiske partnarar, tilbyr i dag eit kurs i terminologi (TermDist) gjennom NHH Executive.

- Dette kurset er høgst relevant for translatørkandidatar. FSK har i tillegg fått økonomisk støtte frå Noregsuniversitetet til å utvikle eit 15-poengskurs i juridisk omsetjing (JurDist). Kurset skal starte hausten 2013.

Instituttet kjem òg til å søkje om midlar til å utvikle eit kurs i økonomisk-administrativ omsetjing (ØkDist), fortel Whittaker. Det langsiktige målet er å etablere ein mastergrad som skal gi 90 studiepoeng.

- Vi håper at kursa våre på lengre sikt skal utvikle seg til å bli ein erfaringsbasert mastergrad med undervisning via Internett. Translatørkandidatane bur både her i Noreg og i utlandet, så det å kunne tilby nettbaserte studium vil vere ein stor fordel, seier Whittaker.

NHH ved FSK er ein av 70 medlemmer i Optimale, eit europeisk nettverk som arbeider for å kvalitetssikre omsetjarutdanningar i Europa. Optimale har 70 partnarar i 32 europeiske land.

- Optimale tilbyr eit nettverk som gjer det lett å kunne dra nytte av erfaringar frå utanlandske institusjonar som har kompetanse på det å tilby omsetjarutdanningar. Det vil vi kunne nyte godt av i arbeidet framover, avsluttar Whittaker.

Translatørdagen 2012

Translatørdagen er ein årleg fagkonferanse som Statsautoriserte Translatørers Foreining (STF) arrangerer for yrkesaktive statsautoriserte translatørar, omsetjarar og tolkar frå både privat og offentleg sektor.

I 2012 var NHH ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon medarrangør og stod for det faglege innhaldet.

Konferansen i 2012, som hadde tittelen «Rett skal være rett», fokuserte på juridisk tolking og juridiske omsetjingar og gjekk av stabelen laurdag 27. oktober.

Saka er henta frå NHH Bulletin nr. 4, 2012



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive