På rekrutteringsturné

Utdanningsmesse i Sandefjord januar 2013

Konkurransen om merksemda til potensielle studentar er hard. Frå byrjinga av januar til midten av februar reiser NHH-tilsette og -studentar på turné til vidaregåande skular og utdanningsmesser for å presentera høgskulen sitt tilbod for mogelege nye NHH-arar.

18.01.2013 - Hallvard Lyssand


- Perioden vi er inne i no er sjølve rekrutteringssesongen. Det byrja i veke to og varer til ut i februar, fortel Liv Mari Bakke ved Studieadministrativ avdeling.

NHH-student Ragnhild Kulseth Valstad informerer om høgskulen sine tilbod under eit skulebesøk i Trøndelag, januar 2013.
NHH-student Ragnhild Kulseth Valstad informerer om høgskulen sine tilbod under eit skulebesøk i Trøndelag.

I denne perioden er studentrepresentantar frå NHH og andre institusjonar på felles turné til vidaregåande skular og informerer om utdanningstilboda ved dei ulike institusjonane.

I alt åtte NHH-studentar er med på skulebesøka. Kvar av dei er på reise i tre til fem veker og er innom minst ein ny skule kvar dag. Totalt får om lag 200 vidaregåande skular frå Nord-Trøndelag til agderfylka vitjing.

I tillegg er NHH-studentar og tilsette frå Studieadministrativ avdeling på plass på stands på ti utdanningsmesser i dei største byane frå Tromsø til Kristiansand.

- Konkurransen om dei flinkaste studentane er hard, og det er viktig å vera tilstades både på skulane og messene for møta elevane og fortelja om dei gode mogelegheitene ei utdanning frå NHH gir.

- Undersøkingane våre syner at dette er den aller mest effektive forma for rekruttering. Vi opplever også at elevane set stor pris på å få snakka direkte med noverande studentar, og representantane våre gjer ein flott jobb som ambassadørar for høgskulen, seier Bakke.


NHH-studentane Martin Kvarberg (i kvit t-skjorte) og Anders Bjørnebye, utdanningsmesse i Sandefjord, fredag 18. januar.
NHH-studentane Martin Kvarberg (i kvit t-skjorte) og Anders Bjørnebye i arbeid under ei utdanningsmesse i Sandefjord i dag, fredag 18. januar.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive