Kurt R. Brekke i innkjøpsutval
Professor Kurt R. Brekke frå Institutt for samfunnsøkonomi er blant medlemene i eit regjeringsutnemnd utval som skal føreslå forenkla reglar for offentlege innkjøp.
09.01.2013 - Hallvard Lyssand
Rett før jul i fjor utnemnde Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet eit offentleg utval som skal gå gjennom den særnorske delen av regelverket for offentlege innkjøp og føreslå endringar. Målet er å oppnå enklare og meir fleksible reglar.
- Utvalets forslag skal sikra dei grunnleggjande prinsippa bak regelverket for å sikra effektiv offentleg ressursbruk gjennom effektiv konkurranse, sikra likebehandling og føreseielege vilkår for marknadsaktørane, forhindre korrupsjon og sikre at ålmenta har tillit til at offentlege innkjøp skjer på en samfunnstenleg måte, heiter det på departementets nettsider.
Utvalet har ti medlemmer. Blant desse er altså NHH-professor Kurt R. Brekke. Advokat Inger Roll-Matthiesen er leiar.
Utvalets rapport skal leverast innan 1. november 2013.
Les meir på Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet sine nettsider
|