Geir B. Asheim held Sandmo-førelesinga
Professor Geir B. Asheim fra Universitetet i Oslo held 2013-utgaven av Sandmo-førelesinga fredag 11. januar.
07.01.2013 - Hallvard Lyssand
Geir B. Asheim (f. 1953) har vore tilsett som professor i samfunnsøkonomi ved Økonomisk institutt ved UiO sidan 1994. I perioden 2012-2015 er han også visedekan for forsking.
Asheim avla doktorgraden ved University of California , Santa Barbara i 1979. I perioden frå 1982 til 1993 var han tilsett ved NHH, frå 1992 som professor.
Asheims fremste faglege interesser er spelteori, rettferd mellom generasjonar og grønt nasjonalrekneskap.
Sandmoførelesinga hans har tittelen Normative analysis of climate change.
Sandmo Lecture
Sandmoførelesinga vart oppretta av NHH og Institutt for samfunnsøkonomi til ære for professor emeritus Agnar Sandmo i samband med 70-årsdagen hans i 2008.
Kvart år i januar vert ein internasjonal toppøkonom invitert til NHH for å halda førelesinga.
Årets Sandmoførelesing fell saman med Fibe (Fagkonferansen i bedriftsøkonomiske emner), og er også ein del av konferanseprogrammet.
Junior Visiting Fellowship
Daniel J. Benjamin.
I tillegg til den årlege førelesinga vart det oppretta eit gjestestipend for lovande særleg lovande forskarar under 40 år.
Mottakaren vert invitert til ein månads opphald ved Samfunn i samband med Sandmoførelesinga.
Årets Sandmo Junior Visiting Fellowship in Public Policy er Daniel J. Benjamin frå Cornell University. Harvard- og LSE-utdanna Benjamin er åtferdsøkonom.
Han held ei førelesing i aud. Finn Kydland, onsdag 9. januar klokka 14.15. Tittelen er Aggregating Subjective Well-Being for Marginal Policy Adjustment.
Les meir om The Agnar Sandmo Lecture og sjå oversikt over tidligare førelesarar på nhh.no
Agnar Sandmo Lecture on Public Policy 2013 Professor Geir B. Asheim, UiO: Normative analysis of climate change.
Dato: Fredag 11. januar 2013
Tid: 12.15-13.30
Stad: Aud. Agnar Sandmo, NHH
Gjesteførelesing ved Sandmo Junior Visiting Fellow 2013 Assistant Professor Daniel J. Benjamin, Cornell University: Aggregating Subjective Well-Being for Marginal Policy Adjustment.
Dato: Onsdag 9. januar 2013
Tid: 14.15-16.00
Stad: Aud: Finn Kydland
|