Busslommeopprusting gjev redusert parkering
Måndag 28. januar byrjar arbeid med å rusta opp busslomma ved NHH sin parkeringsplass. I anleggsperioden vil parkeringskapasiteten bli redusert med om lag fem plassar.
25.01.2013 - Hallvard Lyssand
Arbeidet på busslomma er del av eit større prosjekt der alle busslommer frå Bryggen til NHH får nye venteskur og universell utforming.
I samband med utbetringa av busstoppet skal det byggjast ein mur langs kanten av NHH sin parkeringsplass. Medan dette arbeidet føregår vil det leggja beslag på om lag fem parkeringsplassar.
Arbeidet skal etter planen vara i om lag tre veker.
Busstoppet vil vera ope i anleggsperioden.
|