Trenar på teamarbeid

CEMS/Statoil skills-seminar februar 2013 (Foto: Hallvard Lyssand)

- Studentane er svært engasjerte. Det er kjekt å halda på med dette og å kunna gje dei input som ikkje er i sentrum i undervisinga til vanleg, seier Kjell Stautland frå Statoil. Dei siste ti åra har han og kollegaer frå selskapet kome til NHH og leia såkalla skills-seminar for grupper av NHH sine CEMS-studentar. In English

08.02.2013 - Hallvard Lyssand


Samarbeidet spring ut av at NHH og Statoil er høvesvis akademisk medlem og næringslivspartnar i CEMS-alliansen.

Målet med skills-seminara er å gje studentane praktisk erfaring som kan koma til nytte i arbeidslivet.

Onsdag og torsdag denne veka var 14 av CEMS MIM-studentane ved NHH samla for å læra om og praktisera problemløysing og kommunikasjon i arbeidsgrupper med rettleiing frå Stautland og Statoil-kollega Stig Kjøsnes.

CEMS/Statoil skills-seminar februar 2013 (Foto: Hallvard Lyssand)
Kjell Stautland (t.v.) og Stig Kjøsnes frå Statoil har lang erfaring med å undervisa NHH sine CEMS-studentar i kommunikasjon og problemløysing i grupper.

Arbeidsforma veksla mellom korte førelesingar, case-løysing i mindre grupper og plenumsdiskusjonar om dei ulike gruppene sine val av løysingar.

Eit av måla er å gjera studentane medvitne om kulturelle og individuelle forskjellar som både utfordring og ressurs i samband med teamarbeid og arbeidsgrupper.

- Det handlar mellom anna om å sjå korleis andre er ulike frå deg, seier Stautland.

Med ni ulike nasjonalitetar blant dei 14 deltakande studentane skulle den kulturelle variasjonen vera sikra. Det speglar også røynda i Statoil.

Stig Kjøsnes, som også har bidratt til CEMS assessment centre gjennom fleire år, kan konstatera at søkjargruppa vert stadig meir global.

-Vi ser stadig fleire som er fødde i eit land, har vakse opp i eit anna og har utdanning frå eit tredje, seier han.

CEMS/Statoil skills-seminar februar 2013 (Foto: Hallvard Lyssand)
Dei 14 studentane som deltok under årets seminar har bakgrunn frå ni ulike land.

Les meir om CEMS på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive