Styrer NHH sitt internasjonale karrieresenter
Ann-Mari Haram er i gang med jobben som leiar for NHH sitt relativt nyoppretta internasjonale karrieresenter. In English
13.02.2013 - Hallvard Lyssand
NHH ønskjer at fleire av kandidatane som går ut av høgskulen skal skaffa seg jobbar utanfor Noreg. Eit av grepa for å få dette til var å oppretta eit internasjonalt retta karrieresenter i tilknyting til Studieadministrativ avdeling.
NHH-alumna og bergensar Ann-Mari Haram skulle ha bakgrunnen i orden når ho skal gje råd til NHH-studentar med ambisjonar om internasjonale karrierar.
Då ho var ferdig utdanna siviløkonom frå NHH i 1994 arbeidde ho først i Fiskeridepartementet i Oslo og deretter for DNB i Bergen. Neste steg var EFTA-jobb i Genève, før turen gjekk til København og Eurofish International Organisation, som arbeider med utvikling av fiskeri- og akvakulturindustri i Aust-Europa.
Etter at ho returnerte til Noreg har Haram vore sjølvstendig næringsdrivande og teke ein bachelorgrad med Latin-Amerikastudiar, mellom anna for å styrka spanskferdigheitene.
- Kva inneber jobben ved det internasjonale karrieresenteret?
- Senteret er oppretta av ulike grunnar, men den viktigaste er å få fleire NHH-studentar til å ta jobb i utlandet. Samstundes skal vi også bidra med karriereråd for internasjonale studentar som vurderer å jobba i Noreg, men dei treng ein annan type sørvis, seier Haram.
- Men kvifor skal vi arbeida for å eksportera fleire norske talent? Kan vi ikkje ha riktig god bruk for dei her med alle utfordringane som vert skisserte for framtida?
- Jo, vi treng dei. Men arbeidsmarknaden er større enn det nasjonale. Ved å reisa ut kan dei skaffa seg meir kompetanse og andre perspektiv. Og det kan koma Noreg til gode seinare, for erfaring syner at mange av dei som dreg ut kjem heim att etter ein periode, seier Haram.
- Og i realiteten er det overraskande få som faktisk dreg utanlands for jobba, så ei viktig oppgåve for oss vert å visa at det er mogeleg å tenka karriere utover landegrensene, legg ho til, og avsluttar:
- For meg har det vore utelukkande positivt både jobbmessig og personleg å ha arbeidd ute.
Les meir om bakgrunnen for det internasjonalt retta karrieresenteret
|