Kopling mellom Cristin og BORA

Forskarar ved NHH kan no laste opp artiklane sine i Cristin og samstundes gjere dei tilgjengelege i NHHs institusjonelle arkiv BORA-NHH.

19.02.2013 - Red.


BORA-NHH vart oppretta for å samle og gjere forskinga ved NHH tilgjengeleg og synleg. Styret ved NHH har derfor oppmoda forskarane om å gjere sitt vitskaplege arbeid tilgjengeleg ved arkivering i BORA-NHH. (BORA - Bergen Open Research Archive).

For å lette det administrative arbeidet for forskarar og arkivet ved slik eigenarkivering, har det vore ynskje om ein integrasjon mellom Cristin (Current research information system in Norway) og dei institusjonelle arkiva. Ein slik kopling er no på plass, og forskarane kan samstundes som dei registrerer publikasjonane sine i Cristin, laste opp ein kopi av publikasjonane til BORA-NHH.

Om ein har publisert i eit Open Access-tidsskrift, kan ein fritt laste opp den publiserte versjonen av artikkelen. Dersom artikkelen er publisert i eit abonnementbasert tidsskrift, er det derimot den aksepterte fagfellevurderte versjonen (postprint) av artikkelen som i regelen skal lastast opp.

Abonnementsbaserte tidsskrift tillèt ofte ikkje at den publiserte versjonen vert gjort tilgjengeleg, men svært mange tillèt at den aksepterte fagfellevurderte versjonen vert arkivert. Denne versjonen har vore gjennom kvalitetssikringen i form av fagfellevurdering. Men han skil seg frå den endelege, publiserte versjonen i form av blant anna sidebryting og sidenummerering.

Biblioteket vil oppmode alle om å laste opp sine artiklar, så tek biblioteket på seg arbeidet med å klarere med forlaga kva rettar ein har for å gjere arbeidet tilgjengeleg.

Biblioteket tek også gjerne imot spørsmål knytt til arkivering eller klarering av rettar.

Les meir om opplasting av artiklar frå Cristin på nettsidene til biblioteket

Kontaktpersonar:

Cristin:
Fredrik Kavli
55 95 94 79
fredrik.kavli@nhh.no

Open Access:
Tormod Strømme
55 95 94 15
tormod.stromme@nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive