Fekk pris for masteroppgåve
Ingrid Myrseth Hatlebakk og Ingebjørg Midtbø Myking har vunne pris for beste masteroppgåve på institutt for samfunnsøkonomi.
03.12.2013 - Øyvind Torvund
I masteroppgåva såg dei nærmare på korleis medieoppslag påverka innrapporteringa av skjulte inntekter og formuar til staten.
Dei fann mellom anna ut at medieoppslag i aviser på størrelse med Aftenposten auka tal innrapporteringar i inneverande veke med rundt 2,7 prosent og 4 prosent veka etter.
- Vi fann også ut at medieoppslag som handla om dei skadelege verknadane av skatteparadis var det som hadde sterkast effekt på tal skatteamnesti-saker, seier Ingrid Myrseth Hatlebakk.
Totalt var det 16 masteroppgåver som blei levert inn til konkurransen. I grunngjevinga for prisen heiter det at masteroppgåva er ei grundig og velskriven skildring av problem knytt til skatteunndraging.
- Det er artig å få denne prisen. Vi synst det var spennande å jobbe med denne oppgåva. Samtidig er den også nyttig fordi den viser at det har effekt at Skatteetaten deler informasjon om skatteunndraging, seier Ingebjørg Midtbø Myking.
I tillegg til diplom får dei 15.000 kroner på deling for prisen. Måndag vart dei også heidra med kakefest på Institutt for samfunnsøkonomi.
- Vi må også rette ein takk til Fred Schroyen som var veiledaren vår. Det var han som kom opp med idèen, og vi har fått god hjelp undervegs, seier Hatlebakk.
Komiteen som har vurdert dei innsendte masteroppgåvene har bestått av professor Erling Vårdal ved Institutt for Økonomi ved Universitetet i Bergen og professor Eirik Gaard Kristiansen ved Institutt for Samfunnsøkonomi ved NHH.
Her kan du lese et sammendrag av masteroppgaven
|