Bronsesvampen til Per Manne

Førsteamanuensis Per Manne er vinnar av haustsemesterets Bronsesvamp.

20.12.2013 - Øyvind Torvund. Foto: Hallvard Lyssand


- Dette er veldig stas. Prisen er eit tydeleg bevis på at det vi gjer faktisk fungerer. Det blir ekstra gledeleg når det er studentane som står bak kåringa. Det er jo dei vi møter kvar dag, seier Per Manne.

Tek studentane på alvor

Bronsesvampen er ein pris som studentane ved NHH deler ut kvart semester for å heidra førelesarar som gjer ein ekstra innsats for bachelorstudentane på skulen.

Manne får prisen for undervisninga i MET 020 - Matematikk for økonomar. Det er andre gong han får denne prisen.

- Ein skal ta studentane på alvor. Ein skal ikkje gjere det så lett som muleg, for dei set pris på å bli utfordra. Samtidig er det viktig å ha bakkekontakt og vite kvar dei står og kva som er realistisk å gjere. Så er det sjølvsagt også viktig å vere glad i faget sitt, seier Manne.

I grunngjevinga heiter det at Manne gjennom ei årrekkje har utmerka seg som ein strukturert, pedagogisk og fageleg dyktig førelesar. Faget er krevjande og stiller høge krav til både førelesar og studentane.

- Morsom og imøtekommande

Vidare heiter det at Manne på ein eksemplarisk måte har lagt til rette for at studentane skal kunne lære seg faget på ein best muleg måte og oppleve høg grad av mestring.

Dette er mellom anna gjort gjennom detaljerte førelesningsnotat, velorganiserte gruppetimar og utforming av ein konkret plan for korleis studentane kan komme gjennom pensum.

I tillegg har denne førelesaren utnytta dei digitale hjelpemidla nybygget tilbyr på en framifrå måte. Studentane meiner han er morosam, imøtekomande og har stålkontroll i faget sitt, står det i grunngjevinga.

HEIDRA: Ein fornøgd Per Manne mottok haustsemesterets Bronsesvamp frå to av studentane i fagutvalet til NHHS.
Bronsesvampen

Tidligere vinnere

V72: Øistein Pettersen
H72: Sten Thore
V73: Victor D. Norman
H73: Peter J. Bernhardt
V74: Bjarne Bakka
H74: Sverre Rasmussen
V75: Rolf Jangård
H75: Arne Dag Sti
V76: Jan Lundquist
H76: Agnar Sandmo
V77: Sten Thore
H77: Harald Frønsdal
V78: Jonny Holbæk
H78: Atle Johnsen
V79: William T. McKinnon / Einar Hansen
H79: Fridtjof Frank Gundersen
V80: René Verbraeken
H80: Victor D. Norman
V81: Charles Stabell
H81: Gerda Moter Erichsen
V82: Thorolf Rafto
H82: Terje Axelsen
V83: Erling Steigum
H83: Willy Rasmussen
V84: Johan Arndt
H84: Agnar Sandmo

H01: Jan Ivar Stemsrudhagen
V02: Frode Sættem
H02: Ola Grytten
V03: Jan Ubøe
H03: Alexander Cappelen
V04: Kjetil Bjorvatn
H04: Jan I. Haaland
V05: Astrid Kaufmann
H05: Trond Bjørnenak
V06: Victor D. Norman
H06: Per Manne
V07: Jarle Møen
H07: Alexander Cappelen
V08: Jan Ubøe
H08: Lars Mathiesen
V09: Reneé Klepsland
H09: Trond Bjørnenak
V10: Inger Stensaker
H10: Magne Supphellen
V11: Øystein Gjerde og Frode Sættem
H11: Magne Supphellen

V12: Mads Nordmo
H12: Jarle Bastesen
V13: Bertil Tungodden og Kjetil Bjorvatn
H13: Per Manne
V14: Inger G. Stensaker



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive