Valveke på NHH

I samband med valkampen blir det 2. - 9. september arrangert fleire føredrag og debattar på NHH. I tillegg blir det arrangert kurs i norsk politikk.

30.08.2013 - Tobias Wichstrøm Munter


- Målet med veka er å auke det politiske engasjementet og synleggeøre valet på NHH, siar Marte Stabbetorp, som er leiar for studentgruppa Global Economic Perspectives (GEP). Saman med Studentpolitisk Utval NHHS arrangerer dei veka.

På tapetet er fleire konferansar og populærføredrag med fokus på økonomiske tema, med gjester som Trygve Hegnar. Professorane Øystein Thøgersen og Kjetil Bjorvatn skal òg vere med på ulike arrangement.

- Vi har freista å skape eit så breitt opplegg som mogleg, så alle har eit tilbod. Vi håpar tilsette ved NHH vil delta og bidra med synspunkt på både dags- og kveldsarrangementa, spesielt på dei litt mindre formell foruma som Valvaken og «Pils og Politikk», legg Stabbetorp til.

Kjenner ein ikkje til det politiske landskapet så er det òg mogleg å delta på «ABC of Norwegian Politics», eit kurs på engelsk om dei politiske partia og Noregs politisk system.

Arrangementa er opne for alle, både tilsette og studentar.

Programmet for veka er:
29. August: NRK-debatt i Aulaen
30. August, 14.15: ABC of Norwegian Politics
2. September, 16.15: Økonomisk debatt med Trygve Hegnar, Øystein Thøgersen og Ali Esbati (Venstreparitet Sverige).
3. September: Pils og Politikk med Saliba Andreas Korkunc, Eigil Knutsen (AP) og Erik Skutle (H).
5. September: Standsdag med ungdomspartiar.
9. September: Populærføredrag
9. September: Valvake

Les meir på Facebook-arrangementet


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive