Økonomiduell for fullsett aula

NRK-folkemøte i aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)

Formuesskatt, oljepengebruk og arbeidsinnvandring stod på agendaen då fem topp-politikarar braka saman i direktesend økonomidebatt frå aulaen torsdag kveld.

30.08.2013 - Foto: Helge Skodvin Tekst: Hallvard Lyssand


Køen av tilskodarar stod til langt bort på parkeringsplassen då NRK inviterte til direktesend folkemøte frå Aulaen på NHH torsdag kveld.

Temaet var - med tanke på arenaen - passande nok økonomi, og deltakarane var Jens Stoltenberg (Ap), Audun Lysbakken (SV), Erna Solberg (H), Kjetil Solvik-Olsen (Frp) og Knut Arild Hareide (KrF).

Dei diskuterte mellom anna bruk av gründerstøtte og formuesskatt, oljepengebruk med vekt på handlingsregelen og arbeidsinnvandring.

Sendinga frå NHH er tilgjengleg på NRK sine nettsider

Kø før NRK-debatt i Aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Politisk debatt verkar å engasjera. Om ein ville inn i sjølve aulaen under sendinga måtte ein stilla seg i kø, og før dørene til folkemøtet vart opna stod køen langt bortover parkeringsplassen.
Nrk-debatt i aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Dei fem politikartoppane som var invitert til økonomidebatt var omringa av 400 tilskodarar og ein haug NRK-kamera.
Audun Lysbakken og Jens Stoltenberg Nrk-debatt i aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
- Det er én ting eg og Erna er enig om i denne debatten, eg vil si at vi er i verdens vakreste by i dag, konstaterte SV-leiar Audun Lysbakken (t.v.). Han la likevel til at han ikkje fann den politiske historien i borgarleg styrte Bergen like vakker dei siste 10 åra, og trakk fram eigedomsskattelette og skulebyggforfall.
Erna Solberg og Kjetil Solvik-Olsen, NRK-debatt, Aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
- Vil handlingsregelen for bruk av oljepengar bli gjenstand for forhandlingar dersom Høgre og Frp skal danna regjering saman? ville Jens Stoltenberg veta. - Vi kjem ikkje til å forhandla bort ein ansvarleg økonomisk politikk, parerte Erna Solberg (H) medan Kjetil Solvik-Olsen (Frp) ventar på replikk.
Ola Grytten, NRK-debatt i aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Professor Ola H. Grytten (nr. 2 frå høgre) frå Institutt for samfunnsøkonomi kommenterte frå salen som representant for NHH og den fagøkonomiske ekspertisen.
Sangria, NRK-debatt i aulaen August 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Sangria song arbeidsinnvandrarens pris før debatten vart pensa inn på nettopp arbeidsinnvandring.
Statsministerduell NRK-debatt aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Dei færraste nemner andre reelle statsministerkandidatar enn Stoltenberg og Solberg. I går var dei gjennom ein ny duell på direkten sekundert av debattleiar Jarle Roheim Håkonsen frå NRK.
Foto med StoltenbergNRk-debatt, aulaen august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Etter debatten var det klart for nokre «nær sitjande statsminister»-augneblinkar.
Solbergfoto NRK-debatt aulaen aufust 2013 (Foto: Helge Skodvin)
Andre valde å sikra seg eit fotominne saman med den fremste utfordraren.
Kjellersending, NRK-deabtt august 2013 (Foto: Helge Skodvin)
P3-programleiarane Mathias Nylenna (t.v.) og Niklas Baarli køyrde debattvor- og nachspielsending frå Klubben. Dei hadde m.a. selskap av (frå venstre) Mette Hanekamhaug (Frp), Bjørnar Moxnes (Rødt) og NRK-kommentator Trine Eilertsen.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive