Nye kommunikasjonsrådgjevarar
Kommunikasjonsavdelinga har fått to nye tilsette, Torill Ervik og Øyvind Torvund.
08.08.2013 - Hallvard Lyssand
Torill Ervik frå Bergen er tilsett i ei 14 månaders prosjektstilling som kommunikasjonsrådgjevar med hovudansvaret for NHH Alumni.
27-åringen har mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap og bachelor i journalistikk frå Universitet i Bergen.
Ho har fartstid som journalist i Studvest, Studentradioen og Bergens Tidende, og har også arbeidd som lærar.
- Kvifor ville du til NHH?
- Stillinga verkar spennande. Ho gjev erfaring i kommunikasjonsrådgjeving, som er retninga eg ønskjer å gå i, og er såpass open at eg får mogelegheit til å påverka eigen jobbkvardag.
Øyvind Torvund (27) frå Torvund ved Lavik i Høyanger kommune er fast tilsett som kommunikasjonsrådgjevar. Han skal mellom anna vera pressekontakt og driva forskingsformidling.
Torvund leverte masteroppgåve i samanliknande politikk ved UiB i juni.
Parallelt med studia har han vore journalistvikar i BT i fire år. Tidlegare har han arbeidd to år som radio- og TV-journalist i NRK Sogn og Fjordane. Under førstegongstenesta var han journalist i Soldatnytt, og arbeidde samstundes for NTB.
- NHH har godt rykte og eit sterkt fagmiljø. Det vert interessant å få bruka medieerfaringa mi frå «den andre sida» og prøva å bidra til at NHH vert endå meir synleg i samfunnet, seier Torvund.
|