Ny postdoktor ved Finans

Cornelius Schmidt (Foto: Hallvard Lyssand)

Cornelius Schmidt (30) er tilsett som postdoktor på Institutt for finans. In English

23.08.2013 - Øyvind Torvund


Schmidt er frå Wiesbaden i Tyskland, og starta i jobben 1. august.

Han fullførte PhD-graden sin ved Swiss Finance Institute og University of Lausanne i juni. Forskinga hans fokuserer på eigarstyring og selskapsleiing.

- Eg kom til NHH fordi eg får jobbe saman med produktive, hyggelege og ambisiøse kollegaer. Forskingsmiljøet her er også veldig bra, mellom anna er det mange interessante seminar, seier Schmidt.

Han likar det han har sett av Norge så langt.

- Eg har allereie vore på tur til Hardangerfjorden, og eg besøkte både Rosendal og Jondal. Det var imponerande, seier Schmidt.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive