Ny postdoktor på Samfunn

Chiara Canta (Foto: Hallvard Lyssand)

Chiara Canta (32) har starta i ny jobb som postdoktor på Institutt for samfunnsøkonomi. In English

12.08.2013 - Øyvind Torvund


Canta er frå Italia og starta i stillinga på NHH 1. august. Ho studerte i heimbyen Torino, før ho starta på PhD-graden i Toulouse. Sidan 2010 har ho vore postdokotor ved CORE, Université Catholique de Louvain i Belgia.

Forskinga hennar fokuserer på helseøkonomi, offentleg økonomi og industriell organisering. Canta er spesielt interessert i regulering av helseteneste-marknader.

- NHH er ein bra institusjon. Det er ein plass der eg kan samhandle med mange økonomar som har same forskingsinteresse som meg. Kvaliteten på forskinga her var også ein viktig faktor for å komme til NHH.

- Korleis er inntrykket av Bergen så langt?

- Det er ein flott by og ganske spektakulær. Det har også vore solrikt, så eg trur eg har vore ganske heldig så langt.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive