Fekk pris for kvalfangsthistoriebok
Professoren Bjørn Basberg ved Institutt for samfunnsøkonomi er tildelt The Association for Industrial Archaeology sin pris for framifrå publisering innan industriell arkeologi.
15.08.2013 - Hallvard Lyssand
The Association for Industrial Archaeology (AIA) arbeider for å forska på, bevara og gjera kjent Storbritannias industrielle arv.
Under organisasjonens 40. konferanse i Dundee i Skottland sist veke fekk professor Bjørn Basberg The Peter Neaverson Award for Outstanding Scholarship in industrial archaeology.
Prisen vert tildelt på bakgrunn av publikasjonar som gjev framifrå bidrag til å fremja forsking, kunnskap og forståing innan industriell arkeologi. (Peter Neaverson er rekna som nestoren innan industriell arkeologi i Storbritannia.)
Om kvalfangstindustrien i Sør-Atlanteren
Økonomihistorikaren frå NHH fekk prisen for boka The Shore Whaling Stations at South Georgia. A Study in Antarctic Industrial Archaeology.
- Fagbøker er smale og får sjeldan stor merksemd, og dette er jo også eit relativt smalt tema. At ein leiande organisasjon plukkar opp boka og gjev ho merksemd er sjølvsagt gøy, seier Basberg.
- Boka kom så langt tilbake som i 2004, men AIA har først nyleg opna for å gje prisen til publikasjonar frå utanfor Storbritannia, og det er sjølvsagt like hyggjeleg å få prisen sjølv om boka er nokre år gamal, legg han til.
Verket handlar om kvalfangststasjonane på øya Sør-Georgia i Antarktis og er resultat av fleire års feltarbeid.
- Vi målte opp og kartla kvalfangstindustrien på øya, ein industri der Noreg var tungt involvert. Industriell arkeologi tek utgangspunkt i fysiske restar etter industriverksemd og nyttar det vidare, til dømes til forsking i økonomisk historie, forklarar Basberg.
Fag og hobby
Prosjektet som resulterte i den aktuelle boka er avslutta, men Basberg er framleis involvert i industrihistorisk arbeid på Sør-Georgia.
- Eg sit i styret i South Georgia Heritage Trust og er leiar av Cultural Heritage Steering Committee, som arbeider med ulike prosjekt knytt til kulturhistoria på øya. Det er både fagleg orientert og ein hobby, avsluttar Basberg.
Les meir om AIA
Basberg har fått fleire priser for forskinga si innan kvalfangsthistorie, seinast i 2011.
Les meir i Paraplyen-arkivet
Professor Bjørn L. Basberg framfor eit konkret døme på industriell arkeologi, eit kart over den skotske kvalfangststasjonen Leith Harbour på Sør-Georgia.
|