Vidar Schei vart professor
Vidar Schei frå Institutt for strategi og leiing fekk onsdag opprykk til professor i "Organizational Behavior."
24.04.2013 - Hallvard Lyssand
Schei (f. 1968) vart siviløkonom 1992, fullførte Høyere Avdelings Studium i 1995 og tok doktorgrad i organisasjon og leiing i 1999 - alt ved NHH. Han har også studert juss og psykologi ved UiB.
Han vart førsteamanuensis ved Institutt for strategi og leiing i 1999.
Schei forskar og underviser mellom anna på forhandlingar, teamarbeid, konflikthandtering og kreativitet og kultur, og har publisert artiklar i eitt breitt utval av tidsskrift, inkludert Science.
I 2003 fekk han NHH sin pris for framragande lærarinnsats saman med SOL-kollega Jørn Rognes.
Vidar Schei (t.v.) fekk blomar og gratulasjon med professoropprykket frå prorektor og instituttkollega, Gunnar E. Christensen.
|