Takkar av etter 47 år

Jostein Kåre Lillestøl (Foto: Hallvard Lyssand)

Realfagsstudent Jostein Lillestøl var ikkje ein gong ferdig med hovudoppgåva då han vart henta til NHH av sjølvaste Karl Borch. Det vart starten på ei godt over 40 år lang karriere ved høgskulen.

02.04.2013 - Hallvard Lyssand


- Det blir nok vanskeleg å kutta heilt ut. Eg har hatt det veldig bra her og har aldri vurdert noko anna seriøst, seier Jostein Kåre Lillestøl.

17. mars fylte professoren ved Institutt for foretaksøkonomi 70 år, og 1. april vart han pensjonist etter 47 år ved NHH.

Lynverving i Ullensvang

Lillestøls veg til NHH har visse fellestrekk med dagens forskarrekrutteringssystem, der institusjonar og potensielle kandidatar gjerne har sine første møte gjennom "speed dating" på store internasjonale konferansar.

Der dagens prosessar gjerne tek lang tid etter det første møtet, gjekk derimot Lillestøls veg til fast stilling svært fort.

I 1966 var realfagsstudent Lillestøl frå Universitetet i Oslo i gang med hovudfag i statistikk, og reiste til Nordisk statistikkmøte på eit hotell i Ullensvang.

I hotellbaren kom han og nokre medstudentar i prat med ei dame.

- Ho ville veta kven som skulle ta eksamen først. Det var meg. "Da skal du til rom 214. Der sitter Karl Borch og min mann Sten Thore og venter," sa ho.

Det som venta var eit tilbod om å gjera ferdig hovudoppgåva og deretter få jobb ved NHH.

- Eg let meg freista, konstaterer Lillestøl, og legg til at alternativa i realiteten var NHH og NTH. Utover det var det få stillingar å få.

Kurs etter behov

- Hovudfaget mitt hadde lite med høgskulens fag å gjera. Dei tre første publikasjonane mine handla om populasjonsgenetikk, humrar Lillestøl, og legg til at han måtte gjennom skulering for å kunna ta doktorgrad.

Delar av skuleringa kom gjennom eit eittårig rekrutteringsstipend til University of California, Berkeley. I perioden 1973-75 returnerte han dit og tok doktorgraden.

Og sjølv om utdanninga ikkje umiddelbart var tilknytt det økonomisk-administrative fagområdet har Lillestøl etter kvart fått rikeleg høve til å bidra både forskings- og undervisingsmessig.

Han har undervist i ei rekkje matematiske og statistiske emne, med hovudvekt på sannsynlighetsteori, multivariate statistiske metodar og tidsrekkeanalyse.

- Eg underviste på metodekurset i statistikk i mange år og trur eg framleis må ha rekord i undervisning i stort auditorium for heile kull, seier Lillestøl.

- Elles har eg prøvd å gje undervising i emne der eg såg at det var behov, men mangla tilbod.

Uroa

Rapportane om sviktande realfagskunnskapar hjå norske skuleelvar har kome jamt og trutt i ei årrekkje.

Professoren vedgår at han er uroa over nivået.

- Eg var mellom anna med å starte matematikk valfag ved NHH. Der var innstillinga gjerne "jo vanskelegare, jo betre." No vert det for meir klaging om noko er vanskeleg, seier Lillestøl.

- Men det kan jo tenkast at dei ville klaga tidlegare også, men ikkje våga, smiler han.

- Uansett er det framleis mange som er veldig flinke, men dei vert understimulerte. For mykje handlar om å få med den store massen.

Han er også kritisk til sider av organiseringa av studia.

- Økonomane har vore seg sjølv nok i den nye organiseringa av studieløpet. No må vera med heilt frå starten. Tidlegare kunne til dømes ingeniørar tre inn i Høyere avdelings studium (HAS). Ein hjelpte kvarandre og det vart ein symbiose. No får ein ikkje inn slike folk lenger, påpeikar Lillestøl.

Kvalitetsfokus

Sjølv har han erfart at faget hans kan brukast praktisk på ei rekkje ulike felt.

- Det er fort gjort å bli stempla som teoretikar når ein arbeider med matematikk, men sjølv tykkjer eg at eg har vore med på mykje høgst anvendt verksemd, seier Lillestøl.

Alt i 1970 bidrog han med statistisk metode til eit overvakingssystem for misdanningar ved fødslar. Seinare har han blant anna arbeidd med levetidsanalysar og problemstillingar knytt til fastlegeordninga.

Lillestøl har også arbeidd mykje med kvalitetsstyring og kvalitetsutvikling i ei årrekkje.

- Då konseptet "Total Quality Management" byrja å bli praktisert i Japan på byrjinga av 1990-talet drog eg dit for å læra meir. Seinare hadde var eg på forskingsopphald i Madison, Wisconsin, der det var eit miljø som arbeidde med kvalitetsforbetring ved hjelp av statistikk, fortel han.

Blant resultata vart både kurs og lærebøker om kvalitetsstyring og -utvikling.

- Vi var forresten tidleg ute med fjernundervisning. Vi kringkasta frå Nøstet til ti ulike stader. Spørsmåla kom inn på telefaks i pausen, ler Lillestøl.

Risikostyring og kontorrydding

Dei seinare år har hovudinteressa hans vore risikostyring. Det har blant anna resultert i bachelorkurset "Quantitative Risk Management."

- Kompendiet som er utvikla til kurset er materiale til ei bok, men det spørst om eg ikkje heller gjer materialet ope tilgjengeleg på andre måtar, seier Lillestøl.

Trass i at den offisielle pensjonsdatoen er nær, har han ikkje planar om å ta heilt fri.

- Det er som nemnt vanskeleg å kutta heilt ut, og det mogeleg eg bidreg med undervisning om risikostyring og liknande på kursa til nokre kollegaer, seier han.

Samstundes kan det vera tidkrevjande å flytta ut av sjølv eit svært ryddig kontor etter nesten femti år ved høgskulen.

- Instituttleiinga vore sjenerøs nok til å gje meg god tid til å flytta ut. Eg forstod at eg måtte spørja kor mykje det hasta då det tok meg ein halv dag å rydda ei enkelt skuff, avsluttar Jostein Lillestøl.

Jostein Kåre Lillestøl (Foto: Hallvard Lyssand)
Jostein Kåre Lillestøl vart offisielt professor emeritus 1. april.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive