På utlån til Harr-utstilling

Det manglar eit måleri i korridoren utanfor aud. Jan Mossin. Det har si naturlege forklaring.

18.04.2013 - Hallvard Lyssand


Eit av kunstverka som normalt dominerer vrimleområdet utanfor auditoria "Jan Mossin" og "Agnar Sandmo" er Karl Erik Harrs "Innseiling til Stamsund."

Dei neste månadane vert biletet likevel ikkje å sjå på NHH. Det er lånt ut til Bymuseet i Bergen og utstillinga Karl Erik Harr: Fra Nordland til Bergen. Jektefarten gjennom 500.

Utstillinga opnar i morgon, fredag 19. april, på Bryggens Museum og vert å sjå fram til 4. september.

Les meir på bymuseet.no

"Innseiling til Stamsund" var ei gåve til NHH frå Arild og Wilhelm Haaland i samband med høgskulen sitt 50-årsjubileum i 1986.

Innseiling til Stamsund, Karl erik Harr (Foto: Hallvard Lyssand)

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive