Minnestund for Cecilie Rasmussen

Torsdag 10. mai vert det eit samkome for å minnast Cecilie Rasmussen. In English

04.05.2012 - Red.


Forskingskoordinator ved The Choice Lab, Cecilie Rasmussen, døydde brått under ei jobbreise til USA i mars i år, berre 26 år gamal.

Torsdag 10. mai vert det arrangert ei minnestund for henne. Alexander W. Cappelen og Bertil Tungodden leier samkomet, og Cecilie sin familie og vener vil vera til stades.

Minnestunda byrjar i møterommet i 9. etasje klokka 11.

Professor Shachar Kariv frå University of California, Berkeley held eit seminar til ære for Cecilie om arbeid dei gjorde saman i Tanzania.

Tittelen er "Is there a development gap in rationality?"

Frå klokka 12 fortsett arrangementet på Stupet. Her vert det ei helsing frå rektor Jan I. Haaland, og deltakarane vil dela minne om Cecilie og arbeidet ho gjorde. Det vert lett servering.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive