Iver Bragelien prisa for framifrå lærarinnsats

Iver Bragelien (Foto: Helge Skodvin)

Førsteamanuensis Iver Bragelien ved Institutt for føretaksøkonomi fekk måndag NHH sin pris for framifrå lærarinnsats.

13.08.2012 - Tekst: Hallvard Lyssand Foto: Helge Skodvin


Kvart år sida 1999 har NHH delt ut ein pris for framifrå lærarinnsats. Prisen vert overrekt i samband med immatrikuleringsseremonien for nye bachelorstudentar i økonomi og administrasjon.

Prorektor Gunnar E. Christensen konstaterte at prisen vert gjeve på bakgrunn av lærarinnsats i vid forstand. Det handlar ikkje berre om innsats i klasserommet, men også meir generelt om innsats for å utvikla NHH sine studieprogram.

Christensen konstaterte at Iver Bragelien er ein svært verdig vinnar som på ulike vis har sett sitt merke både på siviløkonomutdanninga ved NHH og økonomiutdanninga meir generelt.

Bragelien var dekan for masterutdanninga i seks år frå 2005 til 2011.

- Den nye ordninga med bachelor og master var i støypeskeia det første året Bragelien var dekan. Han gav viktige bidrag til å utvikla, tilpassa og betra masterstudia i økonomi og administrasjon og rekneskap og revisjon, og la premissa for at desse studia er store suksessar, sa prorektor.

Han konstaterte at prisvinnaren verkeleg har kjent eigarskap til utdanninga og teke ansvar. Innsatsen omfattar både utvikling av svært populære kurs i økonomisk styring og aktivt engasjement i NHH Executive.

På toppen av det heile har Iver Bragelien dei siste fire åra gjort ein innsats på nasjonalt plan som leiar i Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) . NRØA si oppgåve er å samordna og styrka høgre utdanning og forsking innanfor økonomisk-administrativ utdanning.

Bragelien takka og understreka at prisen er ei stor ære.

Han presenterte tre faktorar han legg vekt på i undervisninga si:

- For det første førebur eg meg godt. For det andre prøver eg å kombinera teori med relevante empiriske resultat og norske døme. Og for det tredje prøver eg å sjå faget i ein større samanheng, det vere seg i høve næringslivet eller andre fag, som t.d. psykologi, sa Bragelien.

Han hadde også ei avsluttande helsing til dei nye bachelorstudentane:

- Jobb hardt og prøv å sjå faga i samanheng slik at de får eit best mogeleg grunnlag både for masterstudiet og seinare løna arbeid.

NHHs pris for framifrå lærarinnsats består av eit silketrykk og 16000 kroner.

Iver Bragelien (Foto: Helge Skodvin)
Førsteamanuensis Iver Bragelien med det synlige beviset på at han er årets mottakar av NHH sin pris for framifrå lærarinnsats.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive