Haustens første styremøte

NHH

Torsdag kjem NHH-styret saman til sitt første møte etter sommaren. Det er også det første styremøtet med Ole Hope som administrerande direktør og det siste der Ragnar Fagereng har leia utarbeidinga av sakspapira.

14.09.2010 - Asle Haukaas


Av innkallinga går det fram at styret skal godkjenne avtala med DnB NOR om gåveprofessoratet som blei annonsert under NHH Forum 9. september.

Styret skal også diskutere retningslinjer for opprykk til professor etter kompetanse ved NHH.

Bakgrunnen er at ordninga med nasjonale komitear fell bort. I staden fårt NHH sjølv myndigheit til å vurdere opprykk. Styret må først vedta eigne retningsliner for opprykk frå førsteamanuensis til professor.

Budsjettrevisjon i pluss

Styret skal ta stilling til budsjettrevisjonar knytt til ekstraløyving til "Krise, omstilling og vekst"-programmet på kr 200.000, til kompensasjon til SNF for bortfall av inntekt når EU-prosjekt blir overført til NHH på kr. 312.000, og kr 120.000 ekstra til jubileumsførebuingane no i år.

Alle desse vil bli belasta budsjetteininga "til styrets disposisjon". Denne eininga får også tilført ca 1 million som var avsett til straum, men som ikkje vil bli nytta.

Siste punkt i budsjettrevisjonen er lokale lønsforhandlingar der administrasjonen ikkje foreslår noko lokal forsterking av potten. Heilårsverknaden av lokale forhandlingar ved NHH har då ei ramme på kr 1 730 038 kroner.

Godt opptak

Ein rapport til styret om søking og opptak i fulltidsstudia syner at rekordstore kull har møtt til studiestart på bachelor og master. Dei samla tala for søking og opptak er gode, dvs. enten lik eller over måltala som er sette.

I haust møtte 481 bachelorstudentar. Sidan talet på frammøtte var lågare i 2009, gir det eit snitt dei siste tre åra på 451 studentar. Det er tett på målsettinga styret har gitt, skriv Studieadministrasjonen.

Blant alle studier i Samordna opptak er bachelorstudiet det flest søkarar har prioritert på første plass.

Talet på søkarar totalt auka med 1,6% medan talet på førsteprioritetssøkarar gjekk ned med 2,6%.

Kvinnedelen av dei som møtte til bachelorstudiet var 43,2% mot 42,7% i 2009. Opptaksgrensene er framleis høge med 54,7 i ordinær kvote (54,4 i 2009). NHH gav i år tilbod til langt fleire enn i fjor, noko som tyder på fleire sterke søkarar i dette kullet.

På master møtte 629 nye studentar som er ein auke frå 584 hausten 2009 og 601 hausten 2008. Det er sterk auke i det ordinære masterstudiet (+23,2% for MØA) og svak auke i revisjonsmasteren (+1,7% for MRR). Dei engelskspråklege auka med 13,5% for International Business (INB )og heile 48,8% for Energy, Natural Resources and the Environment (ENE).

Karakterkravet for norskspråklege søkarar er som i fjor 3,8 (som kan samanliknast med 3,5 på BI og omlag 3,0 på andre tilsvarande økonomiutdanningar).

Interne kandidatar frå bachelor til masterprogramma gjekk ned med 2,7%. Ifølgje eit notat frå dekanen for masterutdanning vil ni av ti studentar som fullfører bachelorutdanning på NHH velje å fortsetje på masterstudiet. Dette er eit høgt tall, skriv dekan Iver Bragelien.

På dagsorden for styremøtet er også status for styresaker, og orientering om tilbakemelding frå departementet etter etatsstyringsmøte 2010.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive