Søkjer svar om Søk & skriv

Søk & skriv (Illustrasjon)

"Søk & skriv" er ei nettside der studentar kan finna hjelp i samband med oppgåveskriving. Tenesta er utvikla av biblioteka ved NHH, UiB og HiB, og no vil dei undersøka korleis målgruppa nyttar tilbodet og kva dei syns.

25.10.2010 - Hallvard Lyssand


Nettstaden "Søk & skriv" vart etablert gjennom eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket i Bergen, og biblioteka ved Høgskolen i Bergen og NHH, og er eit nettstad som skal hjelpa studentar med oppgåveskriving.

Her kan ein m.a. få råd om korleis ein kjem i gang med skriveprosessen, korleis ein kan gjera gode informasjonssøk og læra korleis ein handterer referansar.

- Nettstaden vart etablert i 2006 og har vorte oppdatert jamleg, men vi veit for lite om korleis sida vert brukt og kva målgruppa meiner. Det ønskjer vi no å finna ut meir om gjennom ei spørjeundersøking, seier universitetsbibliotekar Peter Forrás ved biblioteket på NHH.

- Det er utforma to undersøkingar som går parallelt. Den eine er retta mot studentar, den andre mot tilsette ved dei tre institusjonane. Sistnemnte rettar seg både til bibliotektilsette og fagstab som nyttar nettstaden Vi er mellom anna interesserte i å veta mei om omfanget av bruken og ulikskapar mellom institusjonane, held han fram.

Undersøkinga vert tilgjengeleg elektronisk i perioden 25. oktober til 15.desember. Det ligg ei lenke på www.sokogskriv.no, og etter planen skal spørjeskjemaet også verta tilgjengeleg i It's Learning.

Sjølvsagt finst det også ei gulrot som skal lokka studentane til å svara: Ein kan vinna eit gåvekort på kr 1500 frå Studia.

Evaluering

Peter Forrás (Foto: Hallvard Lyssand)
Universitetsbibliotekar Peter Forrás.

- Spørjeundersøkinga er også del av ei systematisk evaluering av nettstaden, noko som ikkje har vore gjort før, seier Forrás.

I tillegg til spørjeundersøkinga i samarbeid mellom dei tre eigarinstitusjonane skal Informationsvitenskabelige Akademi i Danmark gjera ei ekstern evaluering av Søk & Skriv, og tilsvarande sider ved NTNU (Viko) og Høgskolen i Telemark m. fl. (Råd og vink).

- Det som kjem fram i prosessen vil verta viktig i samband med ein planlagt revisjon av sidene hausten 2011. Vi vurderer endringar av både innhald og utsjånad, seier Forrás.

- Samstundes er dette ei grundig evaluering som vonleg vil gje svar på om folk veit kva biblioteket kan tilby utover utlån og tidsskriftdatabaser, legg han til.

Uansett kva brukarane til slutt måtte meina, meiner Forrás at det er bra med eit samarbeid mellom dei tre store fagbiblioteka i Bergen.

- Kva utfordringar medfører eit slikt samarbeid? Finst det t.d. område der dei ulike institusjonane har svært ulike behov?

- Det er eit interessant spørsmål. Vi lurer jo til dømes på korleis økonomistudentane tilnærmar seg oppgåveskriving sett i høve til studentar på dei andre institusjonane. Tradisjonane for kjeldebruk og referansar kan vera ulike. Spørsmålet er korleis det vert reflektert i søke- og skrivepraksis, og kor langt vi skal gå for å utforma fagspesifikke sider, seier Forrás, og legg til at dette er spørsmål som vert tekne opp i undersøkinga.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive