Symposiet ser framover

NHH Symposiet

NHH-Symposiet 2011 vil finna ut kva vi skal leva av i framtida og korleis vi skal få mest mogeleg ut av kunnskapen vi har. For å finna svar satsar dei på eit studentråd, nokre sentrale folk frå politikk og næringsliv og eit gigantisk gruppearbeid.

08.11.2010 - Hallvard Lyssand


Noreg er blant landa i verda med best utdanna befolkning, men korleis skal vi organisera oss for å få utnytta potensialet best mogeleg for å få til nytenking og nye løysingar?

Dette er nokre av dei grunnleggjande spørsmåla for NHH-Symposiet 2011.

Nord-Europas største studentdrivne konferanse for næringslivet finn stad 16. og 17. mars neste år. Målgruppa er - forutan studentar - folk frå næringsliv, politikk, forvaltning, kulturliv, og akademia.

William E. Graham, programsjef for NHH-Symposiet 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
William E. Graham er programsjef for NHH-Symposiet 2011.

- Vi vil sjå nærare på nokre av utfordringane som er i vente for både organisasjonar og samfunnet som heilskap framover, og spørja korleis vi kan løysa utfordringane ved bruk av ressursane vi alt har, seier NHH-Symposiets programsjef, William E. Graham.

- Vi har i utgangspunktet ei positiv innstilling. Vi meiner vi har ressursane, og at det gjeld å bruka dei rett for å møta utfordringane vi står overfor, legg han til.


Formidlingsevne

Arrangørane kan som vanleg lokka med ei rekkje profilerte føredragshaldarar.

Blant dei mest kjente er Sveriges statsminister i perioden 1996-2006, Göran Persson, som no er rådgjevar i JKL Group.

Vidare kjem finansminister Sigbjørn Johnsen og Statoilsjef Helge Lund.

Frå NHH bidreg førsteamanuensis Inger G. Stensaker frå Institutt for strategi og ledelse og professor Alexander W. Cappelen frå Institutt for samfunnsøkonomi.

Andre bidragsytarar er professor Robin Teigland frå Handelshögskolan i Stockholm, salsutviklingsekspert Morten Brandt og Stephan Barrat-Due, som er leiar for Barrat Due Musikkinstitutt.

- Vi ville ha folk som har ei historie å fortelja, og som kan sjå ting frå andre vinklar og forklara kompliserte ting på ein enkel måte, seier Graham.

- Dette er kunnskapsrike folk med formidlingsevne og -glede, og det blir garantert mange spennande perspektiv, legg han til.

Les meir om føredragshaldarane på NHH Symposiet si nettside

Føredragshaldarar NHH-Symposiet 2011 (Foto: NHH-Symposiet.no og Kristian Helgesen)
Eks-stasminister Göran Persson, finansminister Sigbjørn Johnsen, Statoil-sjef Helge Lund, NHH-forskar Inger Stensaker og SSE-professor Robin Teigland er blant føredragshaldarane under NHH-Symposiet 2011.
Foto: symposiet.no og Kristian Helgesen

Noregs største gruppearbeid

NHH-Symposiet har for vane å aktivisera konferansedeltakarane. Ein av årets aktiviseringsvariantar er ein klassikar frå norske klasserom: Gruppearbeid.

- Vi skal bruka delar av konferansens andre dag på Noregs største gruppearbeid. Vi har plass til om lag 440 deltakarar. Denne forsamlinga skal delast inn i grupper på om lag åtte personar, og gruppene skal finna svar på ei problemstilling vi veit Noreg vil møta i framtida, forklarar Graham.

- Nøyaktig kva problemstillinga vert er ikkje avgjort enno, men det arbeider vi med i samarbeid med fem spesialinviterte gruppeleiarar som skal leia eigne grupper.

Gruppeleiarane er konsernsjef i Storebrand, Idar Kreutzer, konserndirektør i Telenor og NHO-president Kristin Skogen Lund, CSR-direktør i DNV og president i Norges Røde Kors, Svein Mollekleiv, konsernsjef i Tryg, Stine Bosse, administrerande direktør for Den Norske Opera og Ballett, Tom Remlov.

NHH-Symposiets studentråd (Foto: NHH-Symposiet)
NHH-Symposiets studentråd kombinerte sitt første møte med ein visitt hos Nærings- og handelsminister Trond Giske.
Foto: NHH-Symposiet

Symposiets studentråd

Ei gruppe er alt i full gang med sitt arbeid. Det er NHH-Symposiets studentråd.

Rådet består av ti studentar frå ulike studieretningar, blant desse to frå NHH. Dei skal diskutera korleis næringslivet kan møta framtidige utfordringar og korleis ein kan utnytta mogelegheiter som byd seg.

Ideen om eit studentråd oppstod delvis som ein reaksjon på Nærings- og handelsminister Trond Giske sitt råd av under næringslivsleiarar, den såkalla 2020-gruppa.

- Vi følte at 2020-gruppa mangla ein viktig dimensjon ved at studentane ikkje var med. Derfor ville vi utfordra Giske med eit eige råd, seier Graham.

Studentrådet har møtt ministeren, og har halde det første av i alt fire møte. Arbeidet skal resultera i ein rapport som vert presentert under Symposiet i mars.

- Rådet består, for å seia det litt brutalt, av ei overvekt av temmeleg kvite studentar frå tradisjonelle "maktfag" som økonomi, juss, medisin og ingeniørutdanning. Kvifor skal ei slik samansetting kunna bidra til at det kjem nye perspektiv? Kor er til dømes filosofane og lærarstudentane?

- Vi har prøvt å finna ein gjeng som utfyller kvarandre godt, har ulik bakgrunn og ulike perspektiv og har noko og bidra med. At dei ti vi valde kjem frå det du kallar "maktfag" kan hengja saman med at rådet skal diskutera næringslivet, og at temaet kanskje er mest relevant for slike fag, seier Graham.

- Vi gjorde planane om rådet kjent via sosiale medium og studentmedium og -organisasjonar ved alle universitet og høgskular som er tilknytt Norsk Student Organisasjon. Aktuelle kandidatar skreiv essay om kva utfordringar dei meiner vi har i vente, og basert på det dei ti utvalde skreiv er eg ikkje redd for at rådet skal gå seg fast i vande spor og koma opp med standardiserte svar, held han fram.

- Dei ser ut til å ha ein god og grundig prosess og eg trur dei er opne for mykje.

NHH-Symposiets studentråd

Erle Holstad Wright (25), master i politikk og leiing, Universitetet i Agder

Åsmund Kjos Fjell (21), juss, Universitetet i Oslo

Liv Marit Vinje (19), juss, Universitetet i Oslo

Sara Hambro (21), juss, Universitetet i Bergen

Ingeborg Eskerud (21), medisin, Universitetet i Bergen

Kristoffer Thoner (23), bachelor i økonomi og administrasjon, NHH

Saliba Andreas Korkunc (23), master i strategi og leiing, NHH

Marte Løfman (24), International Relations, London School of Economics

Morten Rørslett Kleveland (23), industriell økonomi, NTNU

Audun Magnus Martinsen (26), marin teknikk, NTNU

Les meir om rådsmedlemane

Les meir om NHH Symposiet 2011



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive