Presenterte mogelegheitene ved Scancor

Mitchell Stevens, Scancor Director (Foto: Hallvard Lyssand)

Gjennom Scancor kan NHH-forskarar få mogelegheiter til forskingsopphald ved Stanford University. Nyleg var Scancor sin nye direktør, Mitchell Stevens, på vitjing for å presentera tilboda ved institusjonen han leiar.

08.06.2010 - Hallvard Lyssand


The Scandinavian Consortium for Organizational Research - Scancor - vart grunnlagt hausten 1988 som eit samarbeid mellom sju nordiske utdanningsinstitusjonar, blant desse NHH.

Ønsket var å bidra til internasjonalisering av forsking og utdanning innan samfunnsvitskapar, og med særleg vekt på organisasjon og leiing.

- I realiteten var etableringa av Scancor ei formalisering av eit mangeårig og fruktbart samarbeid mellom Stanford-professor James G. March og skandinaviske samfunnsforskarar, fortalde nytilsett Scancor-direktør, Mitchell Stevens, då han nyleg vitja NHH i samband med ein kombinert forskingsseminar- og informasjonsturné til Scancor sine skandinaviske bidragsytarar.

Når sosiologen Stevens overtek direktørjobben offisielt 1. juli, vert han Scancors tredje direktør etter nemnte March og professor Walter "Woody" Powell, som har hatt stillinga sidan 1999.

Godt rykte, god tilgang

Sidan byrjinga har Scancor hatt eigne lokale i tilknyting til School of Education ved Stanford University i Palo Alto, California.

Medlemmar av fagstaben ved dei til saman 20 institusjonane som bidreg med finansieringa kan søka om ulike typar forskingsopphald ved Scancor, med varigheit på alt frå ei veke til eitt år.

- Vi er ved Stanford, men er ikkje administrert av Stanford, noko som er unikt, sa Stevens.

Han la til at Scancor har eit godt rykte og tette band til ei rekkje ulike fagmiljø ved det velrenommerte universitetet, noko som bidreg til å opna dører for gjesteforskarar.

I tillegg til å arbeida meg eiga forsking, vert det forventa av gjestene at dei deltek i Scancor sine faste seminar. Vidare får dei høve til å delta i uilke faglege og sosiale aktivitetar ved Stanford.

Lukkeleg som liten

Stevens la ikkje skjul på at Scancor er eit relativt lite miljø. Dei tilbyr åtte kontorplassar til gjester. Sidan starten har 450 forskarar nytta tilbodet. 110 av visittane har vore frå Noreg.

- Vi er små, og eg har ingen planar om å utvida kapasiteten. Det er nokre føremoner ved å vera liten ved eit så intenst konkurranseprega universitet som Stanford. Vi tråkkar ikkje på større aktørar sine tær, og vi treng ikkje så mykje oksygen for å overleva, forklarte Stevens.

Alle dei nordiske landa har medlemmer i Scancor sitt styre. Dei har m.a. ansvar for å evaluera søknader om forskingsopphald ved Scancor og å gje tilråding til direktøren om kva søknader som bør innvilgast.

Norsk styremedlem er i augneblinken Haldor Byrkjeflot ved Rokkansenteret.

Neste søknadsfrist er 1. september 2010. Denne gjeld for opphald med start mellom juni og august 2011.

Les meir om Scancor og finn meir om kvalifikasjonskrav, søknadsprosedyre og -fristar

Mitchell Stevens, Scancor Director (Foto: Hallvard Lyssand)
Påtroppande Scancor-direktør Mitchell Stevens har nytta slutten av mai og dei første vekene i juni til ein kombinert seminar- og informasjonsturné til ei rekkje av Scancor sine nordiske samarbeidspartnarar. Sist veke var han ved NHH, der han m.a. møtte rektoratet og representantar frå fleire av institutta.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive