Samla til doktorgradskollokvium

Doktorgradskollokvium i tilknytning til FIBE 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)

Det er mange vegar til målet, men ingen av dei er frie for hindringar i form av hardt arbeid, utfordringar og ein del frustrasjonar. Det var delar av velkomsthelsinga då 24 PhD-studentar onsdag kom saman til doktorgradskollokvium i tilknyting til FIBE-konferansen.

06.01.2010 - Hallvard Lyssand


Prorektor Gunnar E. Christensen, Doktogradskollokvium 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Doktorgradskollokviet i tilknyting til FIBE er blitt ein god tradisjon, fastslo prorektor Gunnar E. Christensen då han ønskte deltakarane velkomne onsdag morgon.

Det er i år sjette gong det vert arrangert doktorgradskollokvium i samband med FIBE-konferansen. Målet er at doktorgradsstudentar på dei økonomisk-administrative fagområda skal få presentera prosjekta sine og få dei kommentert av leiande fagfolk og PhD-kollegaer.

Då prorektor Gunnar E. Christensen ønskte deltakarane velkomen onsdag morgon, kunne han konstatera at arrangementet har blitt ein god tradisjon.

Han påpeikte at det også er gledeleg at stadig fleire av deltakarane presenterer "papers."

Av i alt 24 deltakarar - hovudsakleg frå norske og engelske utdanningsinstitusjonar - skulle 19 halda presentasjonar.


- Ver aktive

Kjell Grønhaug, Doktorgradskollokvium 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
- Still opp på presentasjonane, delta og ver aktive og still spørsmål, oppmoda professor Kjell Grønhaug.

Professor Kjell Grønhaug frå Institutt for strategi og ledelse er blant representantane frå fagstaben ved NHH som har bidrege substansielt til å få doktorgradskollokviet etablert.

Han lova at programmet for dagen var spennande, og oppmoda studentane om å delta på presentasjonar, og å vera aktive og stilla spørsmål.

Det han derimot ikkje ville lova var ein enkel veg til fullført doktorgrad. Tvert om konstaterte Grønhaug at prosessen inneheld rikeleg med utfordringar og hardt arbeid, og også ein del frustrasjonar, særleg i samband med avhandlingsarbeidet.


Ferske erfaringar

Lars Jacob Tynes Pedersen, Doktorgradskollokvium 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
- Det er mange vegar til doktorgradsmålet, konstaterte postdoktor ved NHH Lars Jacob Tynes Pedersen. Han presenterte sin veg i form av postkort med konsise oppsummerande setningar om sine metodiske og praktiske val i høve avhandingsarbeidet, og utdjupa med kommentarar.

For at kollokviedeltakarane skulle få presentert nokon heilt ferske erfaringar frå eit doktorgradsarbeid, var postdok Lars Jacob Tynes Pedersen frå Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitenskap invitert til å gje ei innleiing under tittelen "The doctoral dissertation - from start to completion: Some experiences and advices"

Tynes Pedersen disputerte ved NHH i oktober i fjor med avhandlinga "Making Sense of Sensitivity: Moral Sensitivity and Problem Formulation in Business."

Han understreka at det er mange vegar til målet, at han skulle snakka om sin veg og at andre nok kunne presentera diametralt motsette erfaringar og konklusjonar enn han.

- Det følgjande handlar mest om det eg gjorde rett, og mindre om alt som gjekk galt, humra Tynes Pedersen før han tok deltakarane med på det han kalla ei virtuell tidsreise der han oppsummerte og utdjupa nokre av sine val og erfaringar frå doktorgradsprosessen.

Doktorgradskollokviet held fram med presentasjonar, kommentarar og diskusjonar fram til kl. 16.45 onsdag, og vert avslutta med middag i regi av Nasjonal forskerskole i bedriftsøkonomi onsdag kveld.

For fullt program og deltakerliste for doktorgradskollokviet, se FIBE-konferansens nettsider


Deltakarar, Doktorgradskollokvium 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Årets doktorgradskollokvium samla 24 deltakarar av ei rekkje nasjonalitetar frå norske og utanlandske institusjonar.
Deltakarar, Doktorgrasdskollokvium 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Deltakarar, Doktorgradskollokvium 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive