Rekrutteringsmessig sprintmaraton

Job Market Talks innan finans vinteren 2010

Prosessen med å rekruttera nye Assistant professors innan finans er ein kombinasjon av sprint og maraton både for Institutt for foretaksøkonomi og for kandidatane.

28.01.2010 - Hallvard Lyssand


Dei som har studert seminarsidene til Institutt for foretaksøkonomi, vil ha registrert at timeplanen for slutten av januar og byrjinga av februar er pepra med såkalla Job Market Talks.

Denne seminartypen er i grunnen akkurat det han gjev seg ut for: Forskarspirer på jobbjakt presenterer seg for fagstaben gjennom faglege innlegg.

Men presentasjonen er langt frå det einaste som må til for at rett kandidat skal finna rett institusjon og omvendt.

Både før og etter sjølve jobbmarknadsseminaret pågår ein langvarig, konkurranseprega og høgst internasjonal rekrutteringsprosess som omfattar alt frå akademiske kontaktannonsar og "speed dating" til artikkellesing og "fly outs" - marknadsføringsturnear med tettpakka timeplanar.

Finansarbeidsmarknaden

Kristin Reichel Teigland (Foto: Hallvard Lyssand)
Kontorsjef Kristin Reichel Teigland ved Institutt for foretaksøkonomi.

Dei siste åra har Institutt for foretaksøkonomi jakta på kandidatar til mellombels Assistant Professor-stillingar innan finans i tilknyting til American Finance Association sin årlege konferanse.

- AFA-konferansen vert arrangert fast i byrjinga av januar og er den største i verda på dette feltet, fortel kontorsjef ved instituttet, Kristin Reichel Teigland.

Amerikanske utdanningsinstitusjonar har lenge nytta konferansen som ein rekrutteringsarena innan finansforsking, og etter kvart har europeiske skular hive seg på.

Her kan ein treffa dei beste PhD-studentane innan finans frå heile verda.

- I år var det sjuande gong folk frå vårt institutt var på konferansen for å møta potensielle kandidatar til fireårig Assistant Professor-stilling ved NHH, seier Teigland.

Fleirtrinnsrakett

Møta på AFA skjer ikkje på måfå. Kontakten med aktuelle kandidatar er etablert på førehand.

- Denne prosessen har tre steg. Første steg er at vi annonserer at vi ønskjer å rekruttera kandidatar som er i ferd med å avslutta doktorgraden og ser etter Assistant Professor-stilling. I første omgang er det likevel ikkje tale om ei formell stillingsutlysing. Det er meir snakk om ei "kontaktannonse," seier Teigland.

- Normalt har vi fått 60-70 svar, men denne gongen fekk vi 120. Svært mange viser til at dei var her då vi arrangerte European Finance Associations årlige konferanse i fjor og at dei likte seg, og det er sjølvsagt gøy, fortsett ho.


Siling og "speed dating"

Karin Thorburn (Foto: Hallvard Lyssand)
Finansprofessor Karin Thorburn.

Når fristen er ute set fagstaben ved instituttet seg ned og les tilsendte artiklar og tilrådingsbrev.

På dette stadiet vert den formelle utlysinga gjort, og til slutt er det silt ut ca. 30 personar som vert vurdert som dei mest interessante å snakka meir med.

Då er det klart for steg to: Ein "date" i samband med AFA.

- I realiteten er det mest tale om "speed dating," humrar Teigland.

- Tre-fire personar herfrå dreg over til konferansen og har korte møte med kandidatar kontinuerleg frå åtte om morgonen til fem om ettermiddagen.

Finansprofessor Karin Thorburn har hovudansvaret for årets prosess, og var blant intervjuarane under AFA i Atlanta tidlegare denne månaden.

- Kvar kandidat fekk ca. 30 minutt til å presentera forskinga si, og deretter brukte vi eit kvarter på å diskutera oss i mellom før neste kandidat fekk sleppa til. Slik heldt vi på heile dagen i tre dagar, seier Thorburn.

- Det er intenst, men også moro. Mange er utruleg flinke, og det er spennande å sjå kva dei arbeider med, legg ho til.

Eit spel

Også kandidatane har det travelt. Når dei er ferdige med eit intervju spring dei vidare til neste hotellrom og gjentek prosessen med ein ny institusjon.

- Nokre er til intervju hos mange, andre hos få. Det er eit spørsmål om kor ettertrakta dei er, eller val dei har teke i høve kva land dei ønskjer seg til, seier Teigland.

- Det heile er noko av eit spel. Konkurransen er hard og ein veit aldri heilt korleis marknaden fungerer frå år til år. Det skifter mellom å vera søkars marknad og skulane sitt, fortsett ho.

- Om vi vil rekruttera internasjonalt på dette området må vi vera med i denne marknaden. Det er slik det føregår, og det er ressurskrevjande og til dels risikofylt. Men det er også både nyttig og viktig å delta for å vera synleg og å knyta kontaktar, konstaterer kontorsjefen.

Samstundes må dei fleste finna seg i å stilla eit stykke bak dei absolutte toppinstitusjonane i køen for å få dei aller heitaste kandidatane.

Karin Thorburn peikar på at det er viktig å vera realistisk i høve til kven ein faktisk kan ha von om å knyta til seg før ein gjev vidare tilbod.

- Vi vel eit spektrum av realistiske kandidatar, men kvaliteten er generelt svært høg og dei vi valde å invitera til NHH er gode, seier ho.

Fly out

I år vart 13 av intervjuobjekta frå AFA-konferansen inviterte til NHH for å presentera seg nærare for fagstaben.

- Dette er steg tre i prosessen, populært kalla "fly out" - ein turné der kandidatane reiser rundt på visittar til ei rekkje aktuelle institusjonar, forklarar Teigland.

Atter ein gong er det tale om maratondagar sett saman av ei rekkje sprintar.

Ein typisk kandidatdag startar grytidleg med fem-seks møte med folk frå fagstaben, lunsj med eit innbakt møte og halvannan times seminar/Job Market Talk med presentasjon av eigen forsking basert på ein innsend artikkel. Så følgjer fem-seks nye møte med fleire frå fagstaben og til slutt ein middag - atter ein gong med selskap frå instituttet.

Den første kandidaten var innom før jul, resten mellom 15. januar og 2. februar.


- Once in a lifetime

Philip Valta (Foto: Hallvard Lyssand)
Philip Valta er ein av 13 doktorgradskandidatar innan finans som vitjar NHH for å marknadsføra seg i høve ei mogeleg fireårig stilling som Assistant Professor.

Sist tysdag var det Philip Valta frå Ecole Polytechnique Fédérale de Lausanne som var i elden.

Paraplyen fekk eit intervju medan Valta vart leidd frå Job Market Talk i aud. Karl Borch til møte med PhD-studentar i 6. etasje i Høyblokken.

31-åringen med både sveitsisk og tsjekkisk statsborgarskap sende brev til 60 institusjonar i forkant av AFA, og var i over 20 intervju under konferansen.

Sist veke vitja han skular i USA. No står ti-tolv europeiske skular for tur.

- Det er hektisk og må planleggjast godt. Det er umogeleg å vera fleire stader på ein gong. Men ein slik sjanse til å marknadsføra seg sjølv er "once in a liftetime" og det er spennande. Eg får sett ei rekkje nye stader, får utvida nettverket og får treffa fagfolk som eg kjenner gjennom publikasjonane deira, seier han.

- Kvifor valde du å kontakta NHH?

- Fordi det er ein institusjon som satsar hardt på forsking og er blant dei beste skulane i Europa.

- Og korleis ser idealarbeidsgjevaren din ut?

- Dei tilbyr eit godt forskingsmiljø i form av tid og ressursar til forsking og gode kollegaer, svarar Valta i det PhD-studentane han har avtale med byrjar å entra møterommet.

- Spennande å følgja utviklinga

Naturleg nok vert det også travelt for instituttet medan dei heile står på.

- Kvar dag klokka ti har vi møte for å vurdera gårsdagens kandidat. Vi diskuterer kontinuerleg kva vi treng, og prøver å byggja konsensus før vi avgjer om vi skal gje nokon eit tilbod, seier Thorburn.

- Prosessen tek mykje tid og ressursar, men heile gruppa stiller opp. Det er dette som er profesjonen, og det er jo spennande å følgja utviklinga på denne måten, fortsett ho.

Tingingar

Den endelege vurderinga er innom instituttstyret og NHH sitt tilsetjingsutval før det vert gjeve tilbod.

Når ein kandidat har fått tilbod om stilling byrjar eit nytt spel.

- Det er slett ikkje alltid vi får ja når vi gjev tilbod. Konkurransen er som sagt hard. Kandidatane jaktar på best mogelege vilkår innan alt frå løn til forskingstid og undervisningsplikt. Vi må vurdera kor lenge vi skal la fristar gjelda og liknande. Her vert det tenkt strategi og taktikk på begge sider av bordet, men det er ikkje noko lureri ute og går, seier Teigland.

Tradisjonelt har instituttleiar og TU-leiar fått delegert fullmaktene som er naudsynte for å gå raskt vidare med tilbod til neste kandidat dersom den første på lista takkar nei.

- Dei to siste åra har vi ikkje tilsett nokon. Det kan ha ulike årsaker, t.d. at det er søkars marknad. Uansett senker vi ikkje standarden berre for å tilsetja nokon, seier Teigland.


Ressurskrevjande, men nyttig

Seminarside, Institutt for foretaksøkonomi
Gjennomføringa av i alt 13 Job Market Talks i løpet av eit par veker i januar og februar er berre ein liten del av den pågåande rekrutteringsprosessen.

Dersom ein avtale kjem på plass byrjar ein ny prosess: Mottak av den nytilsette.

- Vanlegvis byrjar dei Ved NHH i august, og før den tid er det svært mykje praktisk og formelt som må ordnast. Vi har hatt fleire norske kandidatar til vurdering, men så langt har vi utelukkande rekruttert frå utlandet. Dermed treng dei som kjem ofte hjelp med alt frå visum og husvære til informasjon folketrygda, fastlegeordninga, barnehageplass og så bortetter, seier Teigland.

- Alt i alt er denne rekrutteringa svært ressurskrevjande både fagleg og administrativt. Det er nesten ein heilårsgeskjeft med ulike fasar, og det er viktig å gjera det skikkeleg, understrekar Teigland.

- Samstundes er det viktig og nyttig for finansmiljøet ved NHH å vera på denne marknaden. Det er slik internasjonal rekruttering av nyutdanna PhD-kandidatar føregår, og det nyttar ikkje å melda seg ut.

- Her får ein teke pulsen på feltet, sett kva som rører seg og kven som er på veg opp. Dette er folk ein treff att seinare uavhengig av om dei vert tilsett ved NHH. Dessutan er det ei unik mogelegheit til å marknadsføra både NHH og instituttet, legg ho til.

Ny evaluering

Dei som vert hyra får mellombels stilling i fire år, men allereie etter to og eit halvt år startar ein ny stor evalueringsprosess.

Thorburn og Teigland understrekar at ønsket er å tilby fast stilling til dei som kjem positivt ut av evalueringa, men stillinga må uansett lysast ut slik at andre kandidatar får høve til å konkurrera om jobben.

- Dersom det ikkje er aktuelt med fast stilling må uansett vedkomande ha beskjed når det er eitt år att av fireårsperioden, slik at dei kan gå ut i jobbmarknaden att via AFA-konferansen, seier Teigland.

Instituttet har gjennomført seks slike prosessar innan finans. Det har resultert i fire mellombels tilsettingar. To av desse har seinare fått fast stilling, ein fekk avslag og evalueringa av den fjerde er ikkje avslutta.

Den pågåande tilsettingsprosessen skal etter planen munna ut i eit første tilbod etter TU-møtet i slutten av februar, og ein gong i løpet av våren skal prosessen vera fullført.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive