Ein islandsk skrekk-saga

Professor Thorvaldur Gylfason, FIBE 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)

I Fibeprogrammet var handsaminga av krisen på Island døypt "Islandske mysterier." Professor Thorvaldur Gylfason sin gjennomgang av bakgrunnen for krisen bar meir preg av skrekkhistorie enn mysterium. Og Gylfason fryktar at historia kan gjenta seg om ikkje det vert rydda skikkeleg opp.

08.01.2010 - Hallvard Lyssand


Med dei spektakulære bankkollapsane og dei massive problema i øya sin økonomi peikte truleg Island seg tidleg ut som eit naturleg tema når Fibekomiteen skulle setja saman årets konferanseprogram.

Reint nyheitsmessig kunne arrangørane neppe treft stort betre.

Eit par dagar før konferansen tilspissa striden seg i den såkalla Icesave-saka då president Ólafur Grimsson nekta å godkjenna Alltinget sitt forslag til avtale om tilbakebetaling av ca. 30 milliardar til England og Storbritannia.

Med islandskrisa som tema, og sentralbanksjefen Már Gudmundsson og andre autoritetar på talarlista, fekk Fibekonferansen stor pressemerksemd.

- Kompleks saga

Sentralbanksjef Mar Gudmundsson, FIBE 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Sjef for dei dårlege tidene: Sentralbanksjef Mar Gudmundsson.

Tilliks med andre sentralbanksjefar var Gudmundsson relativt forsiktig med formuleringane, og fastslo at det er tale om ein kompleks saga.

- Vi veit mykje om kvifor bankane gjekk over ende, men det manglar framleis sentrale bitar m.a. knytt til bankane si risikohandtering og islandske styresmakter si handtering av krisa før vi har heile biletet, sa sentralbanksjefen.

Gudmundsson meinte Islands boom-bust-historie ikkje er særleg spesiell, men at veksten og fallet til dei tre bankane Glitnir, Landsbanki og Kaupthing er meir uvanleg.

Sjølv konsentrerte han seg primært om banksida av saka. Han konstaterte at årsakene til situasjonen er samansett.

Etter privatiseringa av bankvesenet på Island på slutten av 1990- og byrjinga av 2000-talet vaks bankane seg enormt store i høve til resten av Islandsk økonomi. Blant årsakene Gudmundsson trekte fram var manglande regulering og at bankane kunne basera seg på EU-lovgjeving takk vere EØS-avtalen.

- Ein av hovudleksjonane frå denne krisa er at risikoen i "cross-border banking" var undervurdert, sa sentralbanksjefen.

- Det har blitt sagt tidlegare og kan gjentakast: Bankar er internasjonale i live, og nasjonale når dei døyr, la han til.


- Korrupte system

Professor Thorvaldur Gylfason, FIBE 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Korrupt system: Professor Thorvaldur Gylfason meiner korrupte system og samrøre mellom bank og politikk er sentrale årsaker til krisa på Island.

Gudmundssons islandske økonomkollega Thorvaldur Gylfason frå University of Iceland trengte ikkje leggja band på seg i same grad som sentralbanksjefen.

Han fyrte då også av ei kraftsalve mot det islandske systemet.

- I tiår etter tiår sat islandske politiske leiarar i styra til dei statseigde bankane og delte bytet mellom seg. Samstundes utøvde bankfolka mykje makt, sa Gylfason.

- Privatiseringa av bankane i perioden 1998 til 2003 skulle ha tatt mål av seg til å kutta banda mellom bankvesen og politikk, men det skjedde ikkje. Dei to største bankane vart delvis selde til personar med tette band til dei to styrande politiske partia, og politiske interesser vart sitjande i styra.

- Samstundes vart tidlegare, dokumenterte skandalar i dei statseigde bankane halde skjult, fortsette han.

Gylfason peikte vidare på at det ikkje vart gjort seriøse forsøk på å tiltrekkja seg utanlandske eigarar.

- Grow baby, grow

- Privatiseringa vart så dårleg styrt av regjering, sentralbank og andre tilsynsmynde at det bidrog til den ekstreme veksten og seinare kollapsen.

- Då bankane vart sleppte fri la dei straks i veg som yre kyr på vårbeite. Ingen ting stansa dei. Strategien vart oppsummert med "grow baby, grow," sa professoren.

Resultatet er kjent. I oktober 2008 gjekk dei tre gigantbankane over ende ein etter ein, og vart sett under administrasjon.

Mange lærepengar

Professor Gylfason la fram ei lang liste med lærdommar frå krisen på Island.

- Det trengst lovfesta forsvar mot rovutlånarar (predatory lending). Slik det finst lovar mot medisinske kvakksalvarar, trengst det mot finansielle "quacks," sa han.

Vidare åtvara han blant anna mot å la ratingbyråverksemd bli betalt av bankane, og påpeikte at bankane ikkje må få veksa seg større enn at sentralbanken kan tre støttande til som ein siste utveg.

Som fleire andre av deltakarane under FIBE-sesjonen peikte Gylfason på at åtvaringane og teikna var mange før kollapsen, og at slike teikn må takast omsyn til.

- Island hadde både ei aksjeboble og ei eigedomsboble med voldsam byggeverksemd. Under eit Islandsbesøk oppsummerte professor Robert Aliber situasjonen greitt basert på observasjonar under ein drosjetur frå flyplassen til Reykjavik, fortalte Gylfason:

"Eg har telt heisekranane på vegen. Eg gjev dykk eitt år."


- Ikkje dekk til!

Gudmundsson og Gylfason, FIBE 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Makt i dei falda hender? Sentralbanksjef Gudmundsson, professor Gylfason og resten av islendingane har grunn til vekselvis å bita negler og å falda hendene i bøn om at det er dei rette grepa som vert gjort for å betra den økonomiske situasjonen i landet.

Gylfason hevda at ei lekse frå islandskrisen er at det må byggjast ein brannmur mellom politikk og bankvesen.

- Og når ting går galt må ein finna sanninga, og dei ansvarlege stå til ansvar for lova. Ein må ikkje tilsløra, sa han, men la til at det i hans auge er nettopp det som skjer på Island i augneblinken.

- Vi treng ein sanningskommisjon, ikkje den komiteen regjeringa har utnemnt, sa Gylfason, og påpeikte at tildekking av fakta fort kan føra til at historia gjentek seg.

Om Island skal reisa seg att trur Gylfason det trengst effektiv implementering av IMF-programmet i kombinasjon med andre reformer, EU-medlemskap og ja til Icesave-avtalen , samt avdekking av årsakene til krisen.

Han konstaterte at Island må unngå å bli marginalisert og at folk emigrerer på grunn av krisa, og ikkje vender attende - noko Færøyane opplevde under ei økonomisk krise på 1990-talet.

Om det ikkje vert rydda skikkeleg opp antyda Gylfason til og med at resultatet kan bli at ein "sterk mann" endar opp med makta på Island.


Rögnvaldur Hannesson og Mar Gudmundsson, FIBE 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Knapt eit mysterium: NHH-professor Rögnvaldur Hanesson (her i samtale med fødelandets sentralbanksjef) fastslo i sin kommentar at situasjonen som har oppstått på Island ikkje er noko mysterium. Det var rikeleg med pengar tilgjengeleg i det internasjonale systemet, dei islandske bankane baserte seg på store lån i utlandet, trekte til seg utanlandske kundar, vart altfor store alt for raskt og mangla reservar då det gjekk galt.
Bent Sofus Tranøy, FIBE 2010 (Foto. Hallvard Lyssand)
Ære og skuld: Det verkar å vera ein tendens til at strukturelle reformer får æra når ting går bra, og at makrosida av saka først blir reintrodusert når ting går på tverke, kommenterte statsvitar Bent Sofus Tranøy.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive